Smørskredtindane (28.08.2014)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Map
Ascents Nordre Smørskredtinden (1,608m) 28.08.2014
Store Smørskredtinden (1,630m) 28.08.2014
Store Smørskredtinden nordtoppen (1,622m) 28.08.2014

Frå Rødsetstølen i Strandamoldskreddalen gjekk eg sørvestover til det høgaste punktet på 850 moh i Tverrdalen. Herfrå bratt opp fjellsida mot breen aust for Smørskredtindane. Breen blei først synlig da eg var mest oppe ved den og gjekk langs sørsida av breen og over en morenehaug og så opp dei siste 250 hm i den austvendte fjellsida. Var enkelte småvarder som viste nokonlunde veg oppover. Var først på hovedtoppen der eg hadde ein lengre pause for å nyta utsikten.
Det låg ein orange røyrstubbe i eit hol atmed varden. Inni denne var det bøker med protokoll fra 1992. Bøkene var blaute men alikevel i overraskande god stand. Dei burde likevel vore mykje betre oppbevart i tuppervareboks oppi arkeoplanboks så dei ikkje verte blaute.
Etter å ha skreve meg inn i boka gjekk eg så botover til nordtoppen. Derfra ned i rennene mot breen igjen og kryssa den i eit slakt parti mellom sprekkene i øverste del bort til skaret mot Nordre Smørskredtind. Så fulgte eg eggen oppover eit stykke men kom til ein pinakkel eg ikkje greide å omgå på sjølve eggen. Måtte derfor et stykke ned i vestsida og opp i ei renne et stykke før eg kom meg opp på eggen igjen. Herfra var det veldig morosam klyving, men dog litt utsatt opp til toppen. Herfra fulgte eg ryggen aust- og nordover til sadelen mellom 1322 og 1390 og så ned til Tverrdalen der eg kom inn på stien tilbake til Rødsetstølen. Totalt 10t i strålande seinsommarver.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.