Stordal/Rauma: Litlevasstinden og Trollvasstindane (06.09.2014)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Pusken sæter (485m)
Endpoint Pusken Sæter (485m)
Characteristic Hillwalk
Duration 7h 20min
Distance 18.0km
Vertical meters 1,900m
Map
Ascents Litlevasstinden (1,491m) 06.09.2014
Trollvasstinden (1,422m) 06.09.2014
Trollvasstinden Sør (1,419m) 06.09.2014

Etter forrige helgs turne til Stordal kommune vart det for fristande med eit gjensyn og reint bord rundt Pusken seter. Kom fram fredag kveld og kjøyrde oppover i byggefeltet (hyttefeltet) mot Fokhaustova. Det er no vei nesten heilt fram til Fokhaugstova, ei tydeleg parkeringslomme rett etter ein stor sving der vi plasserte vår mobile hytte for helga.

Laurdag gjekk vi forbi Fokhaugstova og fulgte merka rute mot Litlevatnet og Innfjorden. Litt dryg anmarsj (dryg for oss iallefall, Lise vil ha motbakke frå parkeringa) innover mot Litlevatnet. Tok etter kvart av mot Ådalen og Ytste Brynebotnsvatnet. Ikkje noko sti oppover her men stort sett greitt å finne åpne områder mellom småkrattet. Kryssa elva godt nedanfor vatnet og tok peiling på ryggen. Først veldig bratt opp eit parti så flata det ut. Etter kvart vart ryggen meir markert, vi valgte å gå litt på nordsida. Enkelt å finne god rute oppover her. Lang pause på toppen, medan vi grubla litt på dagen vidare. Gjekk rett mot Brynebotnsvatnet og skilde lag på ca 950 moh. Lise og Vinjar gjekk tilbake til Pusken, eg tok sikte på Trollvasstinden. Flott rygg opp mot denne, ikkje noko vanskeleg berre litt lett klyving. På egga aust for toppen var det eit lite hakk der det ligg ei steinblokk. Litt forsiktighet her før eg kunne rusle til toppen. Boks og bok på toppen, forholdsvis lite besøkt. Planen var no den sørlege Trollvasstinden. For å nå denne hadde eg tenkt retur til vatnet og så oppigjen. Såg no at det var muleg å traversere heile sida bortover i 11-1200 meters høgde. Dette gjekk så det suste etter. Passerte under toppen på sørsida og tok første renne opp mot egga igjen. Veldig greitt å gå her. Kom opp på egga ca 3-400 meter sør for Trollvasstinden Sør 1422. Lett vidare til toppen. Brukte akkurat ein time frå 1422 nord til 1422 sør. Kasta eit blikk bortover den humpete egga mot Fokhaugtinden men vurderte det ikkje eit sekund. Tok beine vegen 650 hm ned i Dyrdalen, kryssa elva og rusla på merka sti nedgjennom dalen. Kryssa etter ei stund elva igjen og kom inn på merka rute mot Fokhaugstova. Ved Fokhaustova stod det skilting Dyrdalen så eg tenkte meg at denne ville ende der. Flott og tydeleg sti nedover. Kjempedag!

Frå sørtoppen mot nordtoppen
Frå sørtoppen mot nordtoppen

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.