Sætredalsfjella på veg mot Romsdalshelg :) (29.08.2014)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Sæter (300m)
Endpoint Sæter (300m)
Characteristic Hillwalk
Duration 3h 00min
Distance 9.6km
Vertical meters 1,400m
Map
Ascents Sætredalsfjellet (1,526m) 29.08.2014
Sætredalsfjellet Sør (1,482m) 29.08.2014

Desse linkane må eg berre dele :) Ein fantastisk serie frå NRK Sogn og Fjordane og som startar no på lørdag 7 Det er andre serien dei viser, og det er lokale folk herifrå som har laga Fjellfolk. Torje frå Jølster og Uglum frå Sogndal.

https://www.facebook.com/video.php?v=10152713651509189

Klipp to :

http://www.nrk.no/sognogfjordane/klart-for-premiere-pa-fjellfolk-1.7993122

Reiste rett frå jobb og såg fram til dagar i Romsdalsfjella. Kvanndalstind 1744 moh var målet for lørdagen. På veg oppover hadde eg bestemt meg for at dagens fjelltopp måtte bli Sætredalsfjellet i Stranda kommune, og helst før det vart mørkt.. Køyrde eit par km innover Nibbedalen, og etter ein prat med lokal befolkninga på ein gard ved Sæter. Kunne eg parkere på bøen ved startpunkt av raud merka løype, ikkje så langt frå Sætreelva. Dei hadde då ikkje høyrt om Sætredalsfjella!! til tross for at dei var midt i syns rand! Dei meinte det var eit anna lokalt navn på desse fjella, men hugsa ikkje heilt kva det var. Guten på 14 år visste i alle fall om Fivelstadnibba :) Eg passerte ein Lavo ved start og traff rett på den raude merka stien som følgjer Vestsida av Sætreelva. Opp forbi tregrensa og i starten av dalen, var det ein trimpost og ei bok å skrive seg inn. Fortsatte i stien litt lengre inn dalen, og skrådde så rett opp mot Sætredalsfjellet 1526 moh. Derifra gjekk eg via punkt 1440 m mot Søre Sætredalsfjellet 1482 moh Nydelege toppar, bratt opp og rask nedstigning.. eg håpte på å rekkje ferja frå Stranda i vettig tid, men det vart tre kvart venting og framme i Åndalsnes kl 23.15 Men godt utbytte av dagen med jobb, tid til ein hærleg fjelltur med nydelege haustfargar, inkludert reise frå Jølster til Åndalsnes. Det blir nok fleire slike runder :)

Postkasse og turbok inkludert Doc halsdrops oppe mot Sætredalen Forsynte meg med i alle fall tre drops ;)
Postkasse og turbok inkludert Doc halsdrops oppe mot Sætredalen Forsynte meg med i alle fall tre drops ;)
På veg rett opp brattebakkane mot Sætredalsfjellet  Fine haustfargar i Sætredalen
På veg rett opp brattebakkane mot Sætredalsfjellet Fine haustfargar i Sætredalen
Frå Sætredalsfjellet 1526 moh mot Søre Sætredalsfjellet 1482 moh
Frå Sætredalsfjellet 1526 moh mot Søre Sætredalsfjellet 1482 moh
Frå Sætredalsfjellet 1526 moh
Frå Sætredalsfjellet 1526 moh
Frå Søre Sætredalsfjellet 1482 moh
Frå Søre Sætredalsfjellet 1482 moh

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.