Drømmedugnad på Kvannebakkbu (27.08.2014)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point P Befringsdalen (580m)
Endpoint P Befringsdalen (580m)
Characteristic Hike
Distance 13.2km
Vertical meters 1,045m
Map
Ascents Snoadvarden (1,520m) 27.08.2014
Snoadvarden sør for (1,570m) 27.08.2014

Kvannebakkbu ligg fint til som nødbu oppe ved Jostedalsbreen ifrå Stardalen i Jølster med oppgang frå Befringsdalen via Strupen. Dette er ein flott oppgang til breen og eit fint utgangspunkt til Supphellenipa 1731 moh i Fjærland og andre lokale toppar som Bjørga 1551 moh i Befringgsdalen. Har hatt mange fine turar opp til dette området og innom denne bua. Alltid spesielt å komme opp her, det er berre så nydeleg eit syn og med det spesielle lyset som er her. Tenkt kvar gong at her må det lage seg ein gong med overnatting! Det har vore snakka ei stund om dugnad på bua og no var meldinga frå Joar at muligheiten var til stades å bidra :) Fantastiske vermeldingar framover heile veka.. men ingen fridagar eller avspasering.. så dette måtte bli etter jobb, overnatte og komme seg på jobb att kl 08 neste dag!!! Ringde ei god tur veninne Brit Siv i Førde, ei som blir med på det meste på kort varsel så lenge det dreier seg om friluftsliv og aktivitet :) Kl 19 var vi på plass på Kvannebakkbu, der var det ein fin gjeng i fullt arbeid og som hadde jobba på frå tidleg morgen! Vi fekk beisa nesten heile hytta den kvelden, avslutta med fjellprat og andre gode historier i ei varm og god Kvannebakkbu. Tilslutt og ikkje minst tid til å nyte solnedgangen og stilla her oppe :) Tre timar søvn vart det denne natta, for det var ikkje mange timane igjenn til ny arbeidsdag. Men det var det vel verdt :) :)

Kan ein ha det betre!! :)
Kan ein ha det betre!! :)
Britt Siv i fin driv frå Strupen og nesten oppe ved Kvannebakkbu
Britt Siv i fin driv frå Strupen og nesten oppe ved Kvannebakkbu
Blå isen i Jostedalsbreen er godt synleg oppe ved Kvannebakkbu
Blå isen i Jostedalsbreen er godt synleg oppe ved Kvannebakkbu
Fint å drive dugnadsarbeid i sånt ver :)
Fint å drive dugnadsarbeid i sånt ver :)
Teltet opp før beising :)
Teltet opp før beising :)
Posering i jobben til ære for fotografen ;)
Posering i jobben til ære for fotografen ;)
Tid til å fotografere og nyte eit fantastisk lys inn over breen, mot solnedgang tid...
Tid til å fotografere og nyte eit fantastisk lys inn over breen, mot solnedgang tid...
Oppe ved Kvannebakkbu
Oppe ved Kvannebakkbu
Kvannebakkbu ei flott nødbu, i eit verhardt område! Mykje arbeid her med Joar og andre hjelparar som har stått for bua :)
Kvannebakkbu ei flott nødbu, i eit verhardt område! Mykje arbeid her med Joar og andre hjelparar som har stått for bua :)
Så nyydeleg eit lys over breen
Så nyydeleg eit lys over breen
Eksotisk overnatting...ved Kvannebakkbu
Eksotisk overnatting...ved Kvannebakkbu

Legg ved ein kjempefin film som omhandlar dette området og Kvannebakkbu!
Eit artig treff var å møte på denne karen på veg oppover, på kanskje den siste turen hans med triveleg prat og nistepakke i Bua :)

http://tv.nrk.no/serie/folk/DKSF46000112/17-10-2012

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.