Storskredfjellet 1814 m i Oppstryn (17.08.2014)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Åning (250m)
Endpoint Åning (250m)
Characteristic Hillwalk
Duration 6h 10min
Distance 15.8km
Vertical meters 1,860m
Map
Ascents Brekkefjellet (1,134m) 17.08.2014
Storskredfjellet (1,814m) 17.08.2014

Oppstryn har utruleg flott og grøderik natur, her er ganske mange bratte fine fjell i kontrast til Jostedalsbreen og det blå/grønne Oppstrynsvatnet. Fjellet hadde vi høyrt om frå ein rapport som Anne hadde laga så fint i Turlagsavisa. Vi starta frå Åning frå rv 15 ca 3 km vest frå Jostedalsbreen Nasjonalparksenter. Køyrde til ende oppover ein smal svingete veg gjennom ein del gards tun. Parkerte på siste bruket, der det står godt skilta om parkering og betaling. Når ein runda fjøset mot jordet og sti, får ein ei ny skilt påminning om at ingen forbi passering uten att P-avgifta er betalt, så det er grei skuring!! :) Lurte fælt på dette sidan det og sto ein hund i fjøset og bjeffa ganske intenst også etter vi kom ned etter timar i fjellet... Sti er det å følge på vestsida av Åningselva, til ein kjem på eit slags platå og ser Instevatnet og Brekkefjellet 1136 moh mot vest. Ryggen er tydeleg og grei å gå til toppen mot Storskredfjellet. Den store snøskavlen som eg såg på bilda frå Anne sin tur rapport var vekke no. Eit utruleg flott fjellområde i ganske så vill natur :)

Frå Brekkefjellet 1136 moh mot Storskredfjellet 1814 
moh
Frå Brekkefjellet 1136 moh mot Storskredfjellet 1814 moh
Så enkelt og greit :)
Så enkelt og greit :)
Litt usikker på denne.....!!Turen går då rett i Breifonna, med bra fallhøgde...
Litt usikker på denne.....!!Turen går då rett i Breifonna, med bra fallhøgde...
Eit nydeleg fjell og fantastisk utsikt frå Storskredfjellet mot Nesjehyrna og Hjelle
Eit nydeleg fjell og fantastisk utsikt frå Storskredfjellet mot Nesjehyrna og Hjelle
Eit nydeleg fjell og fantastisk utsikt frå Storskredfjellet mot Nesjehyrna, Breifonna og Hjelle
Eit nydeleg fjell og fantastisk utsikt frå Storskredfjellet mot Nesjehyrna, Breifonna og Hjelle
Mot toppen 1814 moh utsikt mot sør, Skåla og Skålatårnet
Mot toppen 1814 moh utsikt mot sør, Skåla og Skålatårnet
Trollsk
Trollsk
Breifonna med sine utruleg store bresprekker
Breifonna med sine utruleg store bresprekker

Turfølge Johan

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by JPV100 26.08.2014 07:23

    Og korleis var låra dagen etter Skålaløpet? ;) Sprekt gjort å ta ein slik tur dagen etter eit hardt løp! Det ser forøvrig ut til å være veldig fin utsikt frå denne toppen!

    • -
      avatar

      Sv: Storskredfjellet i Stryn

      Written by Eikås 26.08.2014 20:40

      Vel..:) eg er heldigvis heldig med att eg ikkje blir så lett støl i beina! det høyrast kanskje litt overdrevent ut...men blir heller litt god trøtt i kroppen :) Hadde meg ei runde no på ein 15 timars tur med ein del høgdemeter og km. Den kjende eg godt i kroppen og beina dagen etter:) Men det hjelper nok stort med fjell tur kvar dag. Håper det blir bra ver på Romsdalseggen løpet, med håp om å få sjå den flotte naturen der oppe undervegs :) Såg rekorden var på under timen...av Ola Hovdenak, det er berre sterkt :) Storskredfjellet er virkeleg flott! også med tanke på det ein får av kontrastar og utsikt:) Når du fartar forbi, er det ein topp du berre må ha med :) Så må du hive deg med att på motbakkeløp :)

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Storskredfjellet i Str

        Written by JPV100 26.08.2014 21:27
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.