Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
"Peakbookvenner"
Lister jeg samler etter
Myrebærhammaren
- Dato:
- 14.09.2014
Kjørte Stølsvegen Moane - Fullsenn nesten inn til Flakstadlægeret, og parkerte der nedlagt bilveg inn til Kvitfeten tok av. Fulgte denne inn til havnegjerde, og fulgte dette på Nord-aust sida av Finnetjernhøgdi, og så ryggen opp til toppen. Våte myrer, men eg greidde å halde meg turrskodd.
På tilbaketuren tok eg retning meir mot trigp. 1089 moh. og det var nok mindre vått her. 1 time opp og det same tilbake.
Buatinden
- Dato:
- 14.09.2014
Kjørte inn til Storeskag og parkerte på nyanlagt p-plass nokre hundremeter før stølen. Gjekk turistløypa skilta mot Marsteinhøgda innover. Det er noko myrlendt i tracen,men eg greidde å halde meg turrskodd. Fin gangbru over Etna. Frå Buatindbua gjekk eg ryggen oppover,og øverst runda eg lite mot høgre. Liten varde på toppen, men ingen tvil om kor topp-punktet er. 1 og 3/4time opp og det same tilbake.
Heggeberget
- Dato:
- 11.09.2014
Kjørte forbi Enger, og ved bommen inn til Heimre Kjølastøl parkerte eg. Gjekk ca 400 m nordover på denne og tok mot venstre ein traktorveg. Etter litt så gjekk eg beint opp ryggen mot Engehovda, for der hadde eg vore den 12.12.1998. Fann her restane av trigpunktet. Fortsette ryggen mot sør og til dagens mål. Ingen markering fann eg, men registrerte at kordinatane til Ole Petter (501730/6781462) var høgste punktet. Det var lite vyrkji o laga varde tå, men fann 3 steinar som eg la der. På returen fann eg dyretråkk neste heile vegen ned til Vangstjernet.
Skjøld
- Dato:
- 09.09.2014
Kjørte inn i Skakadalen og fann merka stig heilt til topps. Dette er turmål i Vang kommune, så vi skreiv oss inn i bok som låg i kasse der. 1.5 time opp og det same nedatt. Eva var med.