Små sørstrandstoppar (10.07.2018)


Turlengde 2t 23min
Distanse 4,8km
Høydemeter 350m
GPS
Bestigninger Høgehaugen (728moh) 10.07.2018 14:05
Dyrenibba (742moh) 10.07.2018 14:31

Turen starta på irriterande vis. Ei søye med tre lam lurte seg då forbi grinda og ned på bøen før eg fekk køyrd forbi grinda. Ei kort jakt der sauene ikkje ville oppatt,

vart erstatta med joggetur ned til ein gard med folk heime. Der fekk eg hjelp. Dei kom med kraftfôr og sauene lot seg lokke. :)
Køyrte litt forbi Sandsstøylen og gjekk bratt opp til Høgehaugen,

og vidare til Dyrenibba via nokre bratte punkt.

Prøvde meg mot Nautefjellet, men det vart for bratt ned. Utan sekk og solkrem fann eg ut at det var greitt å finne bilen igjen.

Kommentarer

  • -
    avatar

    Så heimekjære sauer...

    Skrevet av ilyslo 11.07.2018 18:16

    ...har eg heldigvis ikkje møtt:) Det er ein god jobb å ta dei mindre toppane også. Fin trim, og små turer kan også vere store og by på utfordringar med god problemløysing:)

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.