Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Så langt har jeg ingen "Peakbook-kontakter".

Lister jeg samler etter

Jeg har ikke meldt meg på noen lister ennå.

Reineskarvet mai 1999

Dato:
01.05.1999
Turtype:
Skitur
Distanse:
35,0km

1. mai, dagen til arbeidarane. Dagen er i sosialistisk ånd, raud på kalendaren, slik at ein står fri til ikkje å arbeide i det heile tatt denne dagen. Derfor reiste eg til fjells. Eg reiste tidleg, for eg visste at skiføret raskt kan endre seg frå skarp skare til blaut, sugen slaps etter kvart som sola får virke. Det hadde vore kaldt om natta så skiføret var akkurat slik ein kan ynskje seg i mai. Etter skiknekken i mars, hadde eg bare skøyteski. Skare og skøytestil er ein svært fin kombinasjon der det ikkje er alltfor bratt. Eg har skøyta opp på skarvet ein gong før, og den gongen bestemte eg meg for at det skulle vera den siste. Det blir for bratt og for langt med glatte ski. Like bortafor Reinedelet såg eg nokre rare ujevnheitar i snøen. Fyrst tenkte eg at det var ei bikkje >>>

Kart