Reineskarvet mai 1999 (01.05.1999)
Besteigungen | Skoddenose Sørvest (1.729m) | 01.05.1999 |
---|
1. mai, dagen til arbeidarane. Dagen er i sosialistisk ånd, raud på kalendaren, slik at ein står fri til ikkje å arbeide i det heile tatt denne dagen. Derfor reiste eg til fjells. Eg reiste tidleg, for eg visste at skiføret raskt kan endre seg frå skarp skare til blaut, sugen slaps etter kvart som sola får virke. Det hadde vore kaldt om natta så skiføret var akkurat slik ein kan ynskje seg i mai. Etter skiknekken i mars, hadde eg bare skøyteski. Skare og skøytestil er
ein svært fin kombinasjon der det ikkje er alltfor bratt. Eg har skøyta opp på skarvet ein gong før, og den gongen bestemte eg meg for at det skulle vera den siste. Det blir for bratt og for langt med glatte ski.
Like bortafor Reinedelet såg eg nokre rare ujevnheitar i snøen. Fyrst tenkte eg at det var ei
bikkje som hadde grave der. Då eg kom nærare, syntest eg det såg ut til å vera litt meir omfattande enn det ei enkel bikkje kan herje. Eg tenkte kanskje det var eit kadaver av eit eller anna slag som var grave opp. Eg gjekk derfor bortom for å undersøkje nærare. Det
var ikkje dyr som hadde grave. Det hadde vore ein teltplass der. Teltplassen var brukt den siste natta. Det som no tok oppmerksomheita mi, var det ferske sporet vekk frå denne teltplassen. Det var ikkje skispor som ein ofte kan vente seg på denne årstida. Det var spor
etter ein pulk, det forsto eg ganske snart, men kva var det som hadde gått føre pulken. Etter gransking av spora og litt grubling, forsto eg at teltaren hadde gått til fots med broddar. No fylgde eg dette sporet bortover.
Då eg kom til Lauvdalen, hadde eg valget mellom å fortsetje bortover, eller ta turen på skarvet. Teltaren med broddane hadde gjeve meg ein ide om korleis eg skulle koma meg på skarvet utan smurning. Eg hadde ikkje broddar, men eg hadde ingen pulk som gav motstand heller. Skiene vart tatt av og festa på sekken. Så vart det ein fottur opp på skarvet. Like under toppen hadde eg på meg skiene att og skøyta det siste stykket.
Oppå skarvet bles det og var surt. Sjølv om sola var kome høgt på himmelen, var det ikkje vorte varmt enno, slik at skiføret var like fint fortsatt. Eg tok derfor sjansen på at skiføret ville halde seg fint utover dagen, og løypte nordover. Med glatte ski og hard skare kunne eg sleppe meg smått nedover, og koma meg langt inn i Hestebotn utan eit einaste stavtak. Etter at eg hadde kome over på andre sida av Hestebotn, svinga eg austover att. Med nokre lette stavtak kom eg over reset mot Gravabotn og kunna løype ned der. I staden for å sleppe meg for mykje ned, løypte eg slik at det heile tida gjekk av seg sjølv men ikkje meir nedover. Slik heldt eg meg så høgt rundt Skarvanstølnuten at eg ikkje trong meir enn nokre lette stavtak mellom Skarvanstølen og Klype. Sjølv om det byrja å mildnast, var eg heldig med at skiføret heldt seg heile turen til eg var på Randan att.
Benutzerkommentare