Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Storheia

Date:
20.11.2022
Characteristic:
Hike
Duration:
1:45h
Distance:
8.1km

Søndagstur opp til Storheia ein nydeleg haustdag. Tydelege indikasjoner på at vinteren står og banker på døra. Opp til toppen til ein nydeleg solnedgang med utsikt heilt inn til Trollheimens topper.

Map    

Bjønnåsen

Date:
29.01.2022
Characteristic:
Hike
Duration:
1:53h
Distance:
3.2km

Spasertur opp til Bjønnåsen som del av laurdagens bursdagsfeiring. Fulgte anleggsvegen opp mot Marikollslottet, og tok av på stien inn mot Bjønnåsen. Tidvis veldig glatt og til dels utfordrande å ta seg opp dei brattaste partia. Grilling på bål og god stemning på toppen, med fin utsikt inn mot hovudstaden.

Map    

Aukeåsen

Date:
16.10.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
7.0km

Selskapet som var samla for bursdagsfeiring ved Ramton Camping fekk lufta seg i løpet av laurdagen, og Aukeåsen blei målet. Start ved Nærsnes skule, og langs grusveg inn til Bårsrudtjernet. Godt med stier i området og uproblematisk å finne opp til toppen og varden. Litt fram mot kanten for å finne gapahuken som er reist her oppe, og gir flott utsyn innover Oslofjorden og hovedstaden i enden. Retur same veg.

Map    

Seterfjellet

Date:
26.09.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
10.9km

Søndagstur til Seterfjellet i Vindøldalen. Start ved brua som leiar over Vindøla til ei klynge hytter på vestsida av dalen. Herifrå på skrå oppover terrenget i retning Fauskåa og Seterfjellet. Ingen antydning til sti etter at den siste hytta er passert, men dertil mykje myr. Bratt opp til topplatået av Seterfjellet, og langs terrenget opp til toppvarden. Fin utsikt til Blånebba, ei snøkledd Rognnebba og Snota. Retur same veg.

Map    

Honnstadknyken

Date:
19.09.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
10.5km
Map    

Runde om Snota

Date:
28.08.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
24.5km

Rundtur om fjellmassivet som omkrinsar Vassdalen. Områdets ubestridte dronning hadde vore besøkt fleire gongar tidlegare, men det var eit og anna i området omkring som endå ikkje var kryssa av. For mest effektiv ruting over desse toppane blei det start frå Vindøldalen, og sykkel inn mot Vassdalen. Opp til utløpet av Vassdalsvatnet og fotografering av eit etter kvart klassisk motiv. Frå enden av Vassdalen gjekk det opp mot aust, i starten langs god og tydeleg sti som etter kvart forsvann meir og meir. Oppe på ryggen som fører mot Litl-Snota blei det sikta i relativt strak linje inn til Snota Nord. Nokre snøfonner og manøvrere rundt, men ellers greit. Bratt opp att til ryggen og nedom Litl-Snota til eg kom inn på normalruta til Snota. Sjølv om turen i seg sjølv var lang nok i utgangspunktet >>>

Map    

Storlifjella

Date:
05.08.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
34.1km

Bobilferien held fram, og denne dagen våkna fjellfararane i Storlidalen, med ein runde over Storlifjella som det store målet. Igjen visast det til turkamerat og ordsme Aarvåg sine verker for meir utfyllande informasjon om turen, her supplert med ei stor handfull bilete.

Map    

Klingfjellet og omegn

Date:
04.08.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
29.1km

Usedvanlig innhaldsrik miniferie i bobil, med Steinar Aarvåg som sjåfør og ledsager. Smultringar, kilometer og høgdemeter i fleng. For meir omfangsrik rapport visast det til Steinar sine betraktningar om turen; her supplerast det med eit knippe bilete.

Map    

Bolmtrollhetta og Rypfjellet

Date:
21.07.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
23.6km

Smultringtur frå Helgetunmarka. Bolmtrollhetta og Rypfjellet skulle kryssast av, og i det øyemed bar det innover i slagt og klopplagt terreng langs raudmerka sti over Stormyra. I følge kart skulle det og være sti å finne når eg no skulle bryte av sørover mot Bolmtrollhetta, men denne var ikkje å oppdrive verken på tur eller retur. Slik blei det vading over blaute myrer med nokre modne multer som einaste trøst, fram til ein stod klar for å ta fatt på stigninga opp til Bolmtrollhetta. Fint skue på toppen, kort rast i le for ein småkald vind på ein ellers varm dag, og ned på sørsida for å bestige Rypfjellet. Fin utsikt mot Rindhatten og Trollhøtta herifrå. Retur i overkant av idylliske Bøluvatna og omsider inn att på t-sti mot Helgetunmarka.

Map    

Soggnebba

Date:
15.07.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
5.6km

Kortreist besøk oppom Soggnebba, med to tobeinte og ein firbeint med på tur. Oppe ved trimposten i rett augeblikk, med sola som braut gjennom eit heller robust skylag og stri vind frå vest.

Map