Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Honnstadknyken

Date:
06.10.2020
Characteristic:
Jogging
Distance:
10.3km

Ut på ettermiddagen kom det tilbud om å bli med på tannlegetrim opp til Knyken, og med dårlege utsikter for verbruket resten av arbeidsveka var det berre å slå til. Ein skal dog ikkje ta lett på eit slik tilbud og tru at det er tradisjonelt firmaturtempo det blir lagt opp til når desse to legg i veg, så her var det berre å leggje att så mange gram ein kunne både i sko og oppakning. Frisk bris på toppen, men elles vakre forhold denne oktoberkvelden.

Map    

Bjønnåsen om Åmotdammen

Date:
18.09.2020
Characteristic:
Jogging
Duration:
0:39h
Distance:
6.0km

Ein tur innom Østlandet og gjensyn med vakre Østmarka. Runde frå stuedøra og opp til Bjønnåsen om Åmotdammen markerte starten på denne vakre fredagen i september. Hausten har så smått begynt å innta skogene, og langs lauvdekte stier tok eg meg opp til den vakre utsikta på toppen.

Map    

Honnstadknyken

Date:
11.08.2020
Characteristic:
Trip by foot

Kveldsturer til Knyken er eit godt syssel på vakre augustkveldar som denne. Eit utvalg frå kveldens mange motiv av solas fargespel må med.

Map    

Ura og Kufjellet

Date:
07.08.2020
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
19.8km

Ein fin tur med utgangspunkt i Folldalen. Det finst i følgje kartet to godt merka ruter opp til den populære toppen Ura, og eg og turfølgjet la i veg frå den som startar lengst inn langs vegen. Her står det ei stor flott informasjonstavle, så ein veit når ein er framme ved start. Opp langs traktorveg som etter eit par slynger ender opp inn ved Aunesetra. Herifrå bar det vidare på god sti oppover lia som snart passerte over tregensa. Ei av dagens mange vakre vinklar mot Snota åpenbara seg i det stien flata ut og gjekk langstrakt innover Storbekkdalen. Tidvis ganske bløtt innover, men heilt greit. Etter kvart svinga stien opp langs Langurveggen, og etter ein liten matrast halvvegs oppi stod berre siste slake stigninga opp til toppen att. Vakkert skue over til motsatt side av Folldalen, >>>

Map    

Honnstadknyken

Date:
27.07.2020
Characteristic:
Trip by foot

Honnstadknyken er alltid fin, og spesielt når det blir anledning til å nyte solnedgangen.

Map    

Badstufjellet

Date:
12.07.2020
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
5.4km

Sørlandssommer betyr for det meste sol, bading og båtliv, men det viser seg at det finst nokre utsiktpunkt også her nede. Fin og godt markert trimtur opp til Badstufjell som gir godt utsyn over Lillesand, fjorder og hav.

Map    

To små topper i Nordmarka

Date:
30.06.2020
Characteristic:
Trip by foot

Noko må ein også bruke gråversdagane til, så med lågt skydekke og duskregn blei ruta lagt opp til dei to toppane i Nordmarka som mangla på surnadalslista. Køyrde bilen innover bomvegen og parkerte på det høgste punktet ved starten av stien som går opp til Fagerfjellet. Relativt god sti heile vegen til toppvarden, som er tidvis dandert med små og halvstore vardar som viser veg. Over nokre myrparti forsvinn stien, men ein treng ikkje leite lenge for å finne den att på andre sida. Opp til toppvarden og bortom aktuelle toppunkt i frisk vind, før det blei retur til bilen same veg. Vel nede tok eg på nytt bilen fatt og køyrde til enden av vegen som slutter ved demninga til Litlbøvervatnet. Stor parkeringplass her og fin veg over demninga. På andre sida går det eit fint tråkk opp >>>

Map    

Bollen

Date:
29.06.2020
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
8.7km
Map    

Bølia og Durmålshaugen

Date:
28.06.2020
Characteristic:
Trip by foot
Map    

Honnstadknyken

Date:
25.06.2020
Characteristic:
Trip by foot

Ettermiddagsturen til Snøfjellet blei fulgt opp av ein kveldstur til Honnstadknyken. Ein klassiskar frå Surnadal ein aldri går lei av. Snø i dei djupeste grytene langs toppyggen frå Svarrafjellet, men veldig fint og greit å kome seg opp. Alltid like fint å skue over bygda og Trollheimen etter eit lengre opphald sørpå. God rast med kveldskaffe høyrer alltid med her, medan praten gjekk laust mellom turfølgjet om kva for toppar som skal prioriterast i år etter kvart som snøen slepp taket.

Map