Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (153)
-
Skitur (50)
- Langrennstur (15)
- Randonnée/Telemark (27)
Favoritturer
Favorittopper
Honnstadknyken
- Dato:
- 14.10.2020
- Turtype:
- Løpetur
- Distanse:
- 10,3km
Dagens løpeøkt blei lagt til Honnstadknyken da det var meldt blå himmel og full sol denne ettermiddagen. Det skulle derimot vise seg at værmeldarane bomma grovt også i dag, som dei har for vane å gjere. Trim blei det uansett, og til tross for ein blaut sti som syng på sesongens siste vers fekk eg stabla meg opp til toppen og ned att. Om ikkje dette var den siste toppturen til fots i år, så er det i alle fall ikkje langt unna, for vinteren bankar hardt på døra til Trollas fjellheim no.
Honnstadknyken
- Dato:
- 06.10.2020
- Turtype:
- Løpetur
- Distanse:
- 10,3km
Ut på ettermiddagen kom det tilbud om å bli med på tannlegetrim opp til Knyken, og med dårlege utsikter for verbruket resten av arbeidsveka var det berre å slå til. Ein skal dog ikkje ta lett på eit slik tilbud og tru at det er tradisjonelt firmaturtempo det blir lagt opp til når desse to legg i veg, så her var det berre å leggje att så mange gram ein kunne både i sko og oppakning. Frisk bris på toppen, men elles vakre forhold denne oktoberkvelden.
Bjønnåsen om Åmotdammen
- Dato:
- 18.09.2020
- Turtype:
- Løpetur
- Turlengde:
- 0:39t
- Distanse:
- 6,0km
Ein tur innom Østlandet og gjensyn med vakre Østmarka. Runde frå stuedøra og opp til Bjønnåsen om Åmotdammen markerte starten på denne vakre fredagen i september. Hausten har så smått begynt å innta skogene, og langs lauvdekte stier tok eg meg opp til den vakre utsikta på toppen.
Honnstadknyken
- Dato:
- 11.08.2020
- Turtype:
- Fottur
Kveldsturer til Knyken er eit godt syssel på vakre augustkveldar som denne. Eit utvalg frå kveldens mange motiv av solas fargespel må med.
Ura og Kufjellet
- Dato:
- 07.08.2020
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 19,8km
Ein fin tur med utgangspunkt i Folldalen. Det finst i følgje kartet to godt merka ruter opp til den populære toppen Ura, og eg og turfølgjet la i veg frå den som startar lengst inn langs vegen. Her står det ei stor flott informasjonstavle, så ein veit når ein er framme ved start. Opp langs traktorveg som etter eit par slynger ender opp inn ved Aunesetra. Herifrå bar det vidare på god sti oppover lia som snart passerte over tregensa.
Ei av dagens mange vakre vinklar mot Snota åpenbara seg i det stien flata ut og gjekk langstrakt innover Storbekkdalen. Tidvis ganske bløtt innover, men heilt greit. Etter kvart svinga stien opp langs Langurveggen, og etter ein liten matrast halvvegs oppi stod berre siste slake stigninga opp til toppen att. Vakkert skue over til motsatt side av Folldalen, >>>
Honnstadknyken
- Dato:
- 27.07.2020
- Turtype:
- Fottur
Honnstadknyken er alltid fin, og spesielt når det blir anledning til å nyte solnedgangen.
Badstufjellet
- Dato:
- 12.07.2020
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 5,4km
Sørlandssommer betyr for det meste sol, bading og båtliv, men det viser seg at det finst nokre utsiktpunkt også her nede. Fin og godt markert trimtur opp til Badstufjell som gir godt utsyn over Lillesand, fjorder og hav.
To små topper i Nordmarka
- Dato:
- 30.06.2020
- Turtype:
- Fottur
Noko må ein også bruke gråversdagane til, så med lågt skydekke og duskregn blei ruta lagt opp til dei to toppane i Nordmarka som mangla på surnadalslista. Køyrde bilen innover bomvegen og parkerte på det høgste punktet ved starten av stien som går opp til Fagerfjellet. Relativt god sti heile vegen til toppvarden, som er tidvis dandert med små og halvstore vardar som viser veg. Over nokre myrparti forsvinn stien, men ein treng ikkje leite lenge for å finne den att på andre sida. Opp til toppvarden og bortom aktuelle toppunkt i frisk vind, før det blei retur til bilen same veg. Vel nede tok eg på nytt bilen fatt og køyrde til enden av vegen som slutter ved demninga til Litlbøvervatnet. Stor parkeringplass her og fin veg over demninga. På andre sida går det eit fint tråkk opp >>>