Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Rambjøra

Date:
17.04.2021
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
16.3km

Ein praktdag i eit favorittområde ovanfor Todalsøra. Opp til Rambjøra frå Halset på fint føre og i varmande vårsol. Plana var opprinneleg å besøke Vassnebba i tillegg, men for dagen såg det ut til å være meir innbydande skiforhold nedanfor Rambjøras topp. Det blei dermed både ein og to ekstrarundar ned sida mot Vassnebbvatnet, før ein til slutt pakka sekken og satte dei siste svingane på tur ned.

Map    

Honnstadknyken

Date:
11.04.2021
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
19.4km

Ei helg med lumske skredvarslingar blei nytta til å få første tur til Honnstadknyken vinterstid. Oppstigning langs den vante somarruta med enkelte unntak for å omgå dei brattaste partia. Klabbete føre og vakkert vær! God pause på toppen før vi utnytta finversdagen ved å køyre ned i retning Vindøldalen, og sette nokre svingar i den meget habile nedkøyringa mot Rabban. Fantastisk føre og umåteleg morosamt! Opp att til toppen og dagens andre rast ved varden til utsikta av ein snøkledd og soldekt fjellheim. Nedkøyringa til utgangspunktet kunne ikkje måle seg med henget ned mot Vindøldalen, men også her med enkelte parti som innbyr til artigheit på ski.

Map    

Storhåmmåren

Date:
01.04.2021
Characteristic:
Cross-country skiing
Distance:
8.7km

Litt snø og mykje vind prega påskehelga i Vauldalen, så det tradisjonelle besøket til ein eller fleire av Viglane uteblei dette året. Det blei derfor høve til å sikte seg inn på ein av dei mindre, men likevel markante toppane i området, så i strid vind tok vi av skiløypa som går inn til Gruvsjøen og peika oss inn på Storhåmmåren. Fin skare å ta seg inn mot toppen på, om enn litt vel hardt dei siste høgdemetrane. Bra drag i vinden på toppen, og lite snø, men bak den store steinen som står her oppe blei det nok le frå nordavinden til at ein kunne innta den obligatoriske kvikklunsjen før ein balanserte seg ned att til løypa.

Map    

Neådalssnota frå Storlidalen

Date:
27.03.2021
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
27.0km

Forfattarens debut i Storlidalen skulle by på intet mindre enn bestigning av sjølvaste Neådalssnota på ski - ein ikkje ubetydelig tur uavhengig av kor ein startar frå, ei heller frå Oppdal. Med guiding frå ranheimslosen og lokale krefter var det derimot liten bekymring for at turen skulle bli noko anna enn storveies. Rett i arbeid opp frå Storli parkering og innover Storbekkdalen. Opp til skaret mellom Storbekkhøa og Halsbekkhøa fekk vi beskue dagens store mål for første gong. Konklusjonen blei at det framleis var nokre stavtak att før ein var framme. På med utforoppsett og ned til den vestre enden av Sprikltjønnin. Hardt føre og flatt lys gjorde nedkøyringa heller beskjeden, og vi frykta for at sola som var lova oss skulle utebli også resten av dagen. Toppen byrja etter kvart >>>

Map     2 comments

Strengen

Date:
13.03.2021
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
8.4km

Ein vakker laurdag som utarta seg akkurat slik vi hadde venta; heller begredelige kjøreforhold, men vakkert vêr og og perfekt føre for å sitte å bråne i ein solvegg. Opp i t-skjorte og solkrem, før vi frå toppen manøvrerte oss ned på harde snøbølger til ein rabb nokre meter under toppen. Her blei det spada ut ein sofa kor vi fekk slått i hjel eit par timer i god påskestemning. Nedkøyring på marginalt bedre forhold no når sola hadde fått litt ekstra tid på å behandle snøen.

Map    

Bjønnåsen

Date:
25.02.2021
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
4.9km

Kveldsvisitt til Bjønnåsen før mørket kom. Bekkane byrjar å blir store no etter som plussgradene held fram. I motsetning til sist endte ein ikkje oppe over skodda denne gongen, dessverre.

Map    

Bjønnåsen

Date:
23.02.2021
Characteristic:
Trip by foot
Distance:
4.9km

Ny tur opp til Bjønnåsen. Varmegrader gjer sitt til at det stadig blir blautare, men framleis fint underlag å gå på. Skodda låg tjukt rundt oss denne dagen, men med sine knappe 400 høgdemeter kunne Bjønnåsen likevel by på vakkert utsyn.

Map    

Blåfjellet

Date:
13.02.2021
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
5.1km

Fin dag for første vintermøte med Blåfjellet i Settemsdalen. Ikkje all verda til skiføre i det øverste partiet, men litt nede i lia skifta snøen karakter, og det blei fornøyelege forhold. Ein strafferunde oppover for å få ut enda litt meir køyreglede før det var dags for å renne heile vegen ned att til bilen.

Map    

Tindfjellet

Date:
06.02.2021
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
18.2km

Ein vakker laurdag kor alle forhold låg til rette for ein førsteklasses randotur, men det skulle vise seg at det ikkje kun blei sålen på skia som fekk førstehands erfaring med "skjær i sjøen". Denne februardagen var valgt ut som arena for bestigning av Tindfjellet, og med blå himmel, sol og beskjeden vind var det kun positivitet og lystighet å spore i doningen vi no ratta oppover bygda i retning Folldalen. At bomautomaten midlertidig var ute av drift var ikkje nok til å stogge stemninga! Første hinder byrjar å ta form i det vi kjem til parkeringsplassen kor mange startar turen opp til Ura. Herifrå er det framleis nokre kilometer inn til Gråhaugen kor turen ideelt sett skulle starte, men lenger var det ikkje no råd å få bilen. Jaja, ein 3-4 kilometer ekstra på flatmark >>>

Map    

Løålikjølen

Date:
16.01.2021
Characteristic:
Cross-country skiing
Duration:
0:54h
Distance:
10.5km

Laurdagens godver blei benytta med ein fin tur til Løålikjølen. Framleis litt lite snø, men fint føre.

Map