Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Bjønnåsen

Date:
29.01.2022
Characteristic:
Hike
Duration:
1:53h
Distance:
3.2km

Spasertur opp til Bjønnåsen som del av laurdagens bursdagsfeiring. Fulgte anleggsvegen opp mot Marikollslottet, og tok av på stien inn mot Bjønnåsen. Tidvis veldig glatt og til dels utfordrande å ta seg opp dei brattaste partia. Grilling på bål og god stemning på toppen, med fin utsikt inn mot hovudstaden.

Map    

Strengen

Date:
09.01.2022
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
2:38h
Distance:
11.8km

Finværet held fram gjennom helga, og søndagen var heller ikkje ein dag for å sitte inne. Dårleg oppslutning frå turfølgjet i dag, så da bar det ut på einmannshand nede frå Vang rundt klokka 10, medan dei første solstrålane allereie hadde krype godt nedover sørsida av Strengens topp. Jamn marsj opp til Klåberget, kor sola faktisk varma litt, og det blei litt reduksjon av bekledning. Herifrå opp til toppen av Strengen, og enda meir vind enn i går. Nedkøyring etter same oppskrift som dagen før - litt austover på toppen og ned første åpning. Stopp på Klåberget og opp att ein tur til, denne gongen med nedfart rett aust for "normalvegen". Etter kvart mykje folk ute på veg både opp og ned. Fantastisk flott føre der det var urørt snø å finne, og nede ved Klåberget >>>

Map    

Strengen

Date:
08.01.2022
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
1:58h
Distance:
8.0km

Det var varsla at den andre helga i det nye året skulle bli av det bedre slaget, og når spådommane viste seg å slå til var det ikkje anna å gjere enn og kome seg ut og få benytta seg. Strengen fungerer utmerka til å nyte finveret, spesielt no i januar medan dagane framleis ikkje er så lange. Nydelig ver og mykje folk å finne oppover frå Vang. God temperatur, og som alltid litt vind oppe ved masta på Strengen. Nedover valgte vi å gå litt austover over toppen, og ned det som etter kvart har vårte ei populær nedkøyring frå Strengen. Ein del spor her allerede da vi ikkje var så tidleg ute, men framleis urørt snø å finne - alldeles perfekt, lett puddersnø og sette svingar i. Ned att til bilen saman med ei synkande vintersol, og nydeleg januarlys. Med på turen var Eystein >>>

Map