Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Jarphaugen på ski

Date:
19.02.2020
Characteristic:
Ski trip

Litt uventa kom det ein onsdag med klårvær og sol her på Nordmøre, så da vart det anledning for enda ein skitur før nasen blei vend tilbake til østlandet. Jarphaugen i Bøfjorden blei satt som mål, ein heller beskjeden topp, men med over 100 meter pf. Det er parkeringsmoglegheiter rett ved der turstien startar, men snøfall og mangel på brøyting gjorde at bilen blei satt att ved Bøfjorden Grendahus. 100 meter tilbake langs bilvegen finn ein skilt til Svartvatnet, og turstart. Opp skogsvegen var det fint skiføre, og snøen hadde ligget urørt fram til eg no trødde meg oppover. Slak stigning inn til Svartvatnet og vidare innover langs skogsvegen. Ca ein kilometer forbi Svartvatnet deler vegen seg, og ein held opp til venstre for å peile seg inn på Jarphaugen. Ved neste vegskille >>>

Map     4 comments

Garthøglia

Date:
15.02.2020
Characteristic:
Ski trip

Vinterferien starta med eit finværsvindu i det som var spådd å bli ei heller begredelig væruke på Nordmøre, så det måtte ein dra nytte av. Felleskia var lagt att i hovudstaden, men far i huset kunne by på utlån av eit eldre par smørefrie ski som ville gjere nytta opp til Garthøglia. Innover frå parkeringa ved nordmarka skisenter på tråkka løyper. Fint og småkuppert terreng inn til trimposten, med Sulene og Trollhøtta som naturlige blikkfang i sør. For mange ender nok turen her, men sjølve toppen på Garthøglia ligg ein nåre høgdemeter lengre opp til side for skiløypa, så her blei det tråkking i djupsnø opp til toppunktet. Nordmarksrunden var ikkje køyrd opp, så det blei retur same veg.

Map