Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Vigler og Støvelbekkhøgda

Date:
30.03.2024
Characteristic:
Cross-country skiing
Duration:
7:30h
Distance:
39.8km

Sjølvaste påskelørdagen blei det endeleg realt påskevær også i Vauldalen, og planen om ein repetisjon av ekspedisjonen frå påska 2019 kunne realiserast, denne gongen solo. Einaste endring frå turen for 5 år sidan var ein ekstra avstikkar bortom Støvelbekkhøgda. Stort sett storslagent vær og føre, kun avbrutt av tjukk skodden på veg mellom Støvelbekkhøgda og Tverrviglen, og meget hard og vindpåvirka snø mellom Tverrviglen og Midtviglen (Vigltjønnhøgda). Fleier reinsflokker blei observert på turen, og på veg opp mot Viglpiken var det klart at dalførets øvrige påsketurister også hadde stått opp og kome seg ut på ski. Retur via Borgedalsbua og langs tråkka og solpåvirka spor tilbake til Vauldalen med sola i nakken.

Map    

Vestre Tydalsnebba

Date:
09.09.2023
Characteristic:
Trip by foot

Hausttur frå Kårvatn med to formål: bestigning av Vestre Tydalsnebba og plokking av tyttebær. Første var meir dyrkjøpt enn andre, for eg trur det er lenge sidan det har vore eit så godt bærår.

Map    

Hovsnebba og Tussdalsnebba

Date:
19.08.2023
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
9:09h
Distance:
14.7km

Fekk utnytta ein sjeldan solskinnsdag på beste vis med tur i Sunndalsfjella. Tredje besøk til Hovsnebba og første besøk på Tussdalsnebba. Tidvis vindfullt, men ellers upåklageleg. Transporten mellom Hovsnebba og Tussdalsnebba er rett så fin; spektakulær og stadig skiftande utsikt med Vinnufjella, Sunndalsfjorden og toppen av Hovsnebba frå mange ulike vinklar. Litt ned frå sjølve ryggen på veg mot Hovsnebba V3, ellers stort sett midt på heile vegen. Løs mose på veg ned på mot det lavaste punktet mellom Hovsnebba V3 og Tussdalsnebba, men ellers lettgått terreng. Tussdalsnebba viste seg å by på framifrå utsikt! Frå toppen av Tussdalsnebba bar det ned i Sandvikdalen langs overraskande lettgått terreng. Stien frå Regnbua var forholdsvis grei å finne, og var overraskande bra >>>

Map    

Tunga

Date:
29.07.2023
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
6:16h
Distance:
15.4km

Relativt tidlig start frå Dalen for å rekke ein tur opp på Tunga før meldte ettermiddagsbyger rakk å ta turen innover dalføret. Skodda kom og gikk i løpet av turen, men sola vann jevnleg gjennom og skapte ei flott ramme rundt toppturen. Godt tilrettelagt opp til Viromsetra og vidara inn Grasdalen. Deretter er det berre å følge terrenget, krysse ei for anledninga relativt hissig elv, og til slutt ta fatt på stigninga opp mot Vinnumassivet. Eksepsjonelt stilig utsikt inn mot Vinnumassivet, med breen og toppane rundt. Overraskande lettgått, og spektakulær utsikt på toppen ned mot Grasdalen og over mot Trollamassivet. 360 grader med nasjonalromantikk!

Map    

Storviglen

Date:
07.04.2023
Characteristic:
Cross-country skiing
Duration:
8:54h
Distance:
32.3km

Langtur på langfredag, med ein av Vauldalens store påskeklassikere som destinasjon. Avtagende vind utover dagen, og til slutt perfekt påskevær! Den eine bindingen ga tapt på tur ned, og returen blei derfor noko meir strevsam enn vanleg.

Map    

Storheia

Date:
20.11.2022
Characteristic:
Hike
Duration:
1:45h
Distance:
8.1km

Søndagstur opp til Storheia ein nydeleg haustdag. Tydelege indikasjoner på at vinteren står og banker på døra. Opp til toppen til ein nydeleg solnedgang med utsikt heilt inn til Trollheimens topper.

Map    

Hesten, Tritindan og Sandvikhaugen

Date:
31.08.2022
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
8:56h
Distance:
19.9km

Nokre turmål er det knytta meir spenning til enn andre. Hesten i Innerdalen er eit slik turmål. Med lite dokumentasjon å finne om ruteføring og andre utfordringar på vegen hadde det opp gjennom tida opparbeida seg ein slags mystikk rundt toppen som stig opp på vestsida av Grasdalen. Ein hadde håpa på å kunne freiste lykka opp hit ved fleire anledningar tidlegare, men først no skulle moglegheita verkeleg by seg, ein solvarm og vindstille dag heilt på tampen av siste somarmånad. Start frå Dalen parkering i ein temperatur som avslørte at somaren var på hell, og med shorts og korterma var det heller gledeleg å møte sola oppe i lia som fører opp til Grasdalen og etter kvart Viromsetra. Litt forbi setra på ein sti som stadig bli meir beskjeden innover, før eit par bekkekryssingar >>>

Map    

Frå Lønset til Gjøra

Date:
29.07.2022
Characteristic:
Jogging
Duration:
7:52h
Distance:
32.7km

Ein uvanleg fin julidag på Nordmøre måtte benyttast til det fulle, og med litt logistisk planlegging hadde vi på formiddagen fått plassert ein bil nede ved Gjøra kapell og ein oppe ved Horvlia p-plass, kor i tillegg to turgåarar stod klare med snørte sko. Med lett oppakning bar det oppover eit system av stier i retning dagens første smultring, Sæterhaugen. Mange stier i dette området, nokon trødd av folk, andre av fe - eg anbefaler den trødd av folk. Vel oppe på Sæterhaugen var det slutt på sti, men terrenget var oversikteleg og ikkje spesielt ugjestmildt, så det blei enkelt staka ut ein direkte kurs opp til Sæthøa og vidare til Gjerdhøa. Herifrå langs ryggen opp til Svorundfjellet og vidare bortom Roksdalskammen, før det på nytt blei staka ut ei relativt direkte rute, >>>

Map    

Honnstadknyken

Date:
19.07.2022
Characteristic:
Jogging
Duration:
1:43h
Distance:
10.7km

Kveldstrimmen blei lagt til Honnstadknyken, og slik fekk fottursesongen i Trollheimen ein sein og etterlengta start. Overskya, men opphald, og som alltid noko eige med å ta inn over seg utsynet over bygda frå toppen av Knyken.

Map    

Soggnebba

Date:
23.05.2022
Characteristic:
Jogging
Duration:
1:22h
Distance:
9.3km

Årets første besøk på Soggnebba. Utsikta like fin i år som tidlegare. Ein liten variant på vegen opp, ved å ikkje ta av traktorvegen når StikkUt-skilta leiar inn på stien mot høgre, men halde fram langs vegen som til slutt ender inne ved Honnstadvatnet. Herifrå stien opp.

Map