Håsteinen (06.10.2015)

Skrivet av reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Utgångspunkt Store Høydal
Slutpunkt Store Høydal
Turtyp Fjällvandring
Tidsåtgång 5t 05min
Avstånd 16,6km
Höjdmeter 1.049m
Karta
Bestigningar Håsteinen nord (962m.ö.h.) 06.10.2015
Inste Håsteinen (966m.ö.h.) 06.10.2015

Starta ved grusvegen som er beskrive i oppturboka og på ut.no. Fulgte traktorveg/sti opp til eit vegskille som er merka med raud T. Eg fulgte først stien til pila, men fann ut at det kunne bli litt vel luftig for meg. Eg gjekk derfor tilbake og fulgte den andre stien opp til Høydalsvatnet. Der er det også merka med ein raud T opp mot venstre. Fulgte stien opp til skaret som ligg mellom toppane på Håsteinplatået. Eg gjekk så vidare mot Inste Håsteinen og retur samme vegen. På veg nedatt traff eg på eit lokalt par som kunne forklare namnet "Høydalsnipa" vert ikkje nytta av folk frå Høydalen. Men dei kalla toppen for Ytre Håsteinen. Den andre toppen blir då kalla Indre Håsteinen. Fann ut at eg får ta Ytre Håsteinen ved ei seinare anledning, då det blåste ganske bra på turen. Ellers er dette eit flott turterreng, som eg gjerne kjem attende til.

Kommentarer

Titel:
Tecken kvar: 1000
Kommentarstext:
Du måste vara inloggad för att kunna skriva kommentarer.