Arkiv - datum

Listor jag samlar på

Favorittoppar

Klantenovi 13/26

Datum:
30.08.2026
Turtyp:
Fotvandring
Avstånd:
4,3km

Roleg fin tur med Sander i dag.

Karta    

Tre toppar i Årdalsfjell

Datum:
27.08.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Avstånd:
16,8km

Det vart ein fin tur i Årdalsfjelli, om lag frå bommen på fjellvegen mot Turtagrø. Eg var mest spent på om det vart veldig blautt i dag, då det var meldt halvskya med fare for byger. Fyrste varde og grøn topp Lovardalsnosi etter 12 min. Så var det fint og lettgått innover forbi Jervvatnet. Valde høgre side av den bratte ryggen i mot. Lett mot toppen. Flott utsikt mot Jostedalsbreen. Ned frå toppen kom fyrste byga, men den var snill og vara i ca. 10 min. Litt sleipe steinar, og eg valde og gå meir ned i dalen før oppstigninga mot Grønvassnosi. Såg at denne ryggen hadde skarpe skrentar i byrjinga. Gikk mot vatnet, og fann ei grei skår opp på fyrste platå, og runda så meir mot aust. No kom det i mot meg eit stort reinsdyr. Den stoppa opp litt, før den trekte ca. 100 m tilbake >>>

Karta    

Eikåsnipa

Datum:
25.08.2026
Turtyp:
Joggingtur
Avstånd:
4,8km

Endeleg Eikåsnipa, etter å ha køyrt forbi mange gonger. Lauslege planar har som regel vorte stoppa av dårleg ver. Utsikta mot vakre grøne marker, gardar og Jølstravatnet, måtte vere med. I dag klaffa det absolutt. Må seie denne stien var bratt ja. ATV-veg opp til stølen, då med håp om at det skulle flate ut. Skjedde ikkje. Her får ein prøve pumpa. Det var no moro å pushe litt, og eg nådde toppen etter vel 45 min. På veg nedatt gløymer ein strevet opp. Nydeleg utsikt frå toppen i fleire retningar. Gløymde faktisk å ta bilde av varden. Den var svært fin.

Karta    

Bringe med Lærdal turlag

Datum:
23.08.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Avstånd:
17,3km

Flott tur i regi av Lærdal turlag. Oppmøte på Kvamme kl. 9, og felles transport med Solheim taxi til vegen mot Eråksstølen. I alt 11 motiverte turfolk la av garde på sti i slak stigning bortetter fjellsida. Kryssa grov, og kort rast ved ei bu, før vidara inn til Eråskstjørni. Her vart det niste-pause. Etterpå bratt opp mot Giljaknippen. Sauesti viste veg, og det vart etter kvart veldig skrå-bratt. Nesten oppe ved ein skrent, ba turleiar resten av oss om å følge ein sti vidare bortetter. Det viste seg at dette andre alternativet var snillare med tanke på bratt terreng, men noko lenger. Alle kom vel opp, og om lag halvparten på kvar si rute. Etter samling over skrent-området, leia Anders oss rundt Giljaknippen. Her fekk me sjå nærare på styrtningane i Kvenshaggjeli. Det gikk >>>

Karta    

Austhøi

Datum:
18.08.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Avstånd:
5,4km

Denne toppen hadde ikkje nokon sti, off-track heile vegen. D.v.s. nokre trakk og vardar opp flanken. Flanken var småbratt, men det flata etter kvart ut. Fin utsikt som frå alle toppane som eg har vore på desse dagane. Landskapet rundt er åpent, og heilt annaleis enn vestlands-naturen. Men i nordvest er Jotunheimen, og med halvskya ver desse dagane, har den vist seg fram kun sporadisk. Dette var i det heile ein kort og rask tur.

Karta    

Oskampen

Datum:
18.08.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Avstånd:
9,3km

Etter ny overnatting i bubilen, med plan om Austhøi i dag, kom eg på at det ikkje var så langt å køyre tilbake til sti, som kunne nyttast til bestigning av Oskampen. Som tenkt så gjort. Her er det merka sti inn til turisthytta med same namn som toppen Oskampen. Men eg følgde denne ca. 2 km innover, og sikta meg så mot fjellfoten. På veg her traff eg på to flokkar kyr, både svarte og brune. Dei verka fredelege. Ein del sprake (einer) og småkuppert bortover mot fjellfoten. Opp fjellet her var det ganske bratt, og mogeleg å ta ulike linjer. Eg gikk opp nær ei smal lang ur, og det fungert betre enn venta. Litt tunge bein oppover i dag. Over flanken var det framleis småbratt opp til sør-toppen. Nydeleg utsikt ned til Nedre Heimdalsvatnet. Heldt fram utover ryggen og bort til høgaste >>>

Karta    

Langsua nasjonalpark - 3 toppar

Datum:
17.08.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Avstånd:
14,2km

Målet med turen var dei to siste toppane på Øystre Slidre-lista, med pmf. på over 100 meter. Hadde køyrt vidare til samen ca. 15 km frå der eg overnatta med bubilen etter bestigninga av Gråhøe i går. Innom to toppar på vegen. Parkerte like under demninga. Av nysgjerringheit gikk eg over dammen og ikkje på vegen nedanfor. Det resulterte i litt surr for å finne start på stien. Difor litt bushing fyrste halvanna km. Etter kvart på DNT-sti (som eg ikkje hadde lese meg opp på). Følgde sti opp til vatn, og skar så sør-vestover. Fann fine linjer mellom sprake og vier opp til toppen Klanten. Her kom ein verkeleg tett på baksida av Skaget. Nedatt herifrå vart det noko meir vier/sprake, men til å leve med. I mellom myrane, og opp ryggen til Buatinden. Nydeleg på veg opp, med utsikta >>>

Karta    

Hundfethøa

Datum:
17.08.2026
Turtyp:
Fotvandring
Avstånd:
1,7km

Oppvarmingstur nr. 2 i dag. Denne låg eit steinkast frå vegen. Litt artig og småbratt opp på denne toppen.

Karta    

Buhø

Datum:
17.08.2026
Turtyp:
Joggingtur
Avstånd:
2,2km

Kjapp tur opp på ein raud topp like ved vegen. Oppvarming til tur seinare i dag.

Karta    

Gråhøe

Datum:
16.08.2026
Turtyp:
Fjällvandring
Avstånd:
10,8km

Fint ver i anmarsj. Klargjorde difor bubilen for ein tur til fjell-heimen. Plan var inn ved det flotte vatnet Vinstre. Ein køyrer inn etter passering Bygdin, nord for Beitostølen. Fann ei grei parkering ca. 50 meter frå turskiltet. Fyrst på god sti opp langs elva. Grundig varding og raude merke heilt til toppen. Det var eit lengre flatare parti innover mot fjellfoten. Også her var det trakk mange stader, men også litt stein. Nydeleg ver på ettermiddag mot kveld. Finfin tur.

Karta