Kvannurdenuten (1405) frå Vaulo (16.08.2025)


Kart
Bestigninger Kvannurdenuten (1405moh) 16.08.2025
Eg starta ifrå min standard leirplass ved Vaulo like etter klokka 9 på morgonen.
Gjekk den vanlege vegen i skaret til venstre, forbi Skardhiller, langs austsida av Driftavatnet og opp ein bekk etter å ha runda opp Svartavatnet.
Svartavatnet
Svartavatnet
Å krysse elv var ikkje mogleg denna dagen etter mykje regn tidlegare i veka, så eg måtte nok igjen følgje rundt Nedra Fjærebotnvatnet, og endte opp lika nord for det øvre vatnet.
Etter her tok stigninga av. Eg prøvde å finne lettast vei oppover fjellet, og det gjekk forsåvidt greit. Av og til litt kjemping i vierkratt og vegetasjon opp liene. Etter kvert blei terrenget om til berre stein og blokkmark. Eg fann meg fram til det merkverdige litle vatnet på 1323 meters høgde nordaust for Øvra Fjærebotnvatnet, og gjekk langs det, meget fint.
Det var fin referanse å gå via detta spesielle vatnet her oppe.
Det var fin referanse å gå via detta spesielle vatnet her oppe.

Eg fann eit lite skar nord for sjølve nuten, og klarte å finne ein grei veg opp til varden, som ikkje hadde nokon postboks ved seg.
Turen vert lang og krevjande, eg var oppe ved varden rundt klokka 14. Tok same veg tilbake til Vaulo.

Blikk mot dei vatna eg hadde gått rundt tidlegare
Blikk mot dei vatna eg hadde gått rundt tidlegare
Like foran Trongaskard.
Like foran Trongaskard.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.