Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Blåskavlen

Dato:
20.07.2021
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:52t
Distanse:
14,8km

GPSen min feila i starten, så eg har ikkje fått lagt ut spor. Tåke på turen opp. Denne letta utover dagen. Merka sti heile vegen. Vær obs på at det er to merka stiar. Eg fann ikkje heilt kor stien mot Blåskavlen eigentleg starta, men eg fulgte ein sti eit stykke og tok opp ryggen frå parkeringsplassen. Greitt merka stort sett heile vegen

Kart    

Mjølkeflatenhytta

Dato:
19.07.2021
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:04t
Distanse:
3,6km

Kart    

Eldegardsnosi

Dato:
19.07.2021
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:41t
Distanse:
6,1km

Var litt usikker på kva topp eg skulle velje i Årdal denne dagen. Planen var å få ein kort og fin tur. Eldegardsnosi såg ut til å være ein fin topp etter formålet. Men å køyre vegen opp var meir slitsomt enn sjølve turen frå parkering og opp til toppen. Eg er glad det ikkje er mykje bilar på den vegen der. Etter å ha svinga av hovudvegen så er sikringa heller dårleg. Og vidare inn forbi parkeringa til "tusenmetern", så vart vegen rett og slett ikkje køyrbar for sarte bilar. Parkerte inn ved Småløyptevatnet og tok sikte inn mot toppen. Lettgått og fin tur når ein først har kome seg inn med bilen. Eg trur neppe det vert fleire køyreturar på denne vegen for min del. Då vel eg heller å gå lenger.

Kart    

Jura

Dato:
18.07.2021
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:32t
Distanse:
9,6km

Parkerte ved ei løe og fulgte vegen opp til Kleivastølen. Tok til høgre i vegskille og fulgte vegen over ei bru. Tok opp skaret og gjekk opp mot toppen der eg såg eg kunne komme opp.

Kart    

Glitteregga

Dato:
16.07.2021
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:38t
Distanse:
12,4km

Køyrte opp til Randastølen frå Randabygda. Bomveg 50 kr (kan betalast via VIPPS). Parkerte i innhengninga ved stølen (20 kr) Gjekk opp traktorvegen til stølen og fulgte sti opp mot skardet. Fulgte meir eller mindre merka løype til toppen. Tok raskare veg ned til høgre for ein stor varde og langs ei elv. Fin tur.

Kart    

Søtekollen, dagens siste tur

Dato:
15.07.2021
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:06t
Distanse:
5,8km

Eg rakk ferga og tok den over til Rutledal. Parkerte ved krysset ved Eggheim og fulgte skilting og god sti til toppen.

Kart    

Vardefjellet

Dato:
15.07.2021
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:04t
Distanse:
3,6km

Litt skeptisk på været i dag, då det regna ein del på veg til ferga. Det letta då eg kom om bord og hadde strålande fint vær resten av dagen. Parkerte ved parkeringsplassen og fulgte ruta heilt til toppen. Flott konglomerat å gå på

Kart    

Klibberdalsfjellet

Dato:
14.07.2021
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:10t
Distanse:
10,6km

Hadde eg visst at det var merka rute heilt opp, hadde nok turen vore litt lettare.... Vi starta opp traktorvegen i retning Flekkestøylen og fulgte sti mot Longevatna ei stund, heilt til vi fann ut at vi skulle gå opp i høgda. Og tok då over myra og opp bratt bakke og baksa oss gjennom nokre busker. Då vi kom opp i høgda såg vi varden og fann ut at vi kanskje hadde peila oss litt feil inn. Vi tok retning mot toppen og ned bakken og over der vi såg vi kunne gå opp til toppen. Rett før toppen oppdaga vi at det var merka opp til toppen. Vi fulgte merka ned til Longevatna og vidare til Flekkestølen og til bilen. Med på turen var x antall klegg og nokre få fluger. Trikset med myggspray verka ikkje på kleggen.

Kart    

Daurmål

Dato:
08.07.2021
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:53t
Distanse:
10,5km

Køyrte opp bomvegen til Årdalstøylen. Det er mulig å betale med Vipps, men vær obs på at Vippsnr på lappen i postkassen er feil. Det rette står på veggen. Null mobildekning gjorde at eg måtte betale seinare. Parkerte i enden av vegen og gjekk siste delen av traktorvegen. Tok av traktorvegen ved ein sti som gjekk bort til elva. Etter elva var det berre å prøve seg fram oppover bakkane. Synest det såg litt bratt og smalt ut oppe det siste stykket mot toppen, men det gjekk greitt. Kan anbefalast.

Kart    

Brekkefjell

Dato:
07.07.2021
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:49t
Distanse:
9,2km

Køyrte opp til kraftverket og parkerte der. vegen er bratt, men greit å køyre. Etter kraftverket er vegen litt meir kupert, men då hadde eg teke mesteparten av høgdemetrane før Helgheimsstølen. Tydeleg sti opp til Vasskaret. Tok til høgre ved ei bu i Skaret og opp merka, men utydeleg sti til toppen.

Kart