Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Other winter trip (102)
- Snowshoe trip (102)
-
Ski trip (63)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (25)
- Trip by foot (1813)
Solheimsnipa
- Date:
- 15.10.2020
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:15h
- Distance:
- 7.2km
Rundtur i Jølster
- Date:
- 11.10.2020
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 5:16h
- Distance:
- 12.2km
Starta med litt yr då eg gjekk frå bilen, men det trur eg var berre for å skremme. Fulgte merka løype opp til Nipa. På veg opp var det lite tåke over Nipa, men då eg kom opp på toppen var det lite sikt. Eg tok difor ikkje sjansen til å gå vidare på den stien eg hadde tenkt. Gjekk nedatt eit stykke frå den merka stien eg gjekk opp. Etter kvart så letta tåka på Storefjell, så eg sikta meg inn på skaret mellom Nipa og Storefjell og karra meg opp bakkane. Litt tung og bratt tur, men eg kom meg no opp. På veg nedatt sikta eg meg inn på Blåfjellet og klarte å komme meg greitt ned, sjølv om det også var noko bratt. Det var lettare opp på Blåfjellet frå skaret. Traff på merka løype ned mot Husstøylen. Tok av slik at eg kom meg innom Stabben og gjekk vidare ned merka løype >>>
Storehesten
- Date:
- 10.10.2020
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 6:43h
- Distance:
- 13.1km
Då var vi ferdige med alle postane i fjelltrimmen "ut og opp Gaular". Dette måtte jo markerast. Ikkje så verst vær. Litt vind på veg opp, men av alle ting, var det vindstille på toppen. I alle fall nok til å kunne kle seg. Eg trur nok enkelte fekk seg litt underhaldning då vi skulle skifte.
Fantastisk fint å gå i dag.
Trebønipa
- Date:
- 09.10.2020
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:31h
- Distance:
- 14.9km
Har tenkt på denne toppen ei stund, og i dag tok "haustferie" og gjekk litt før. Var usikker på lengda på turen, men eg ante at det kunne bli eit stykke. Hadde fått tips av ein kollega om at dette var den enklaste ruta til Trebønipa. Og det stemmer nok. Starta opp skibakken og fulgte stien som går mot Florsheia. Tok av stien då eg kom opp i høgda og såg an til at eg kunne gå opp skaret som ligg på skrå til venstre. Fint turterreng i høgda og dei kilometerane eg skulle gå, gjekk rimelig greitt unna. Kort stopp på toppen før eg vende nasen nedover att. Klarte å komme meg ned før det blei skikkelig mørkt.
Fauskevarden
- Date:
- 05.10.2020
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:53h
- Distance:
- 6.3km
Fint tur til Fauskevarden denne ettermiddagen. Var aleine på toppen, men eg traff på ein del folk som mest truleg skulle opp å sjå på solnedgangen. Stien er betre tilrettelagt med treplankar på flata, men ein må framleis nytte fjellsko på grunn av eit lite parti med gjørme. Traff på nokre som gjekk med kvite joggesko. Trur ikkje dei var kvite etter den turen.
Lassenipa
- Date:
- 04.10.2020
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 5:16h
- Distance:
- 13.4km
Ein verkeleg flott tur, som er verd eit besøk.
Turen er i variert terreng og er passe bratt, passe lang og har ei flott utsikt.
Anbefaler fjellsko, som tåler vatn, då ein del av turen går i myrlendt terreng i tillegg må ein over ei elv.
Søthaugsfjellet
- Date:
- 03.10.2020
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 7:30h
- Distance:
- 15.1km
Starta med friskt mot opp mot Dvergsdalsstølen. Hadde fått ei sånn nokon lunde turbeskriving av ein kollega som kjenner området. Eg tok av stien og sikta meg inn på Trollebotnen. Det blei ein del baksing inn i buskene. Men eg kom til slutt over elva som går ned frå Trollebotnen. Fulgte stien opp til skaret og tok til høgre der eg såg det kunne være antydning til god rute. Då eg var oppe på høgda fulgte eg ryggen opp til toppen. Litt klyving over steinar. Eg merka for øvrig at eg ikkje hadde sjekka værmeldinga. For det var rimelig sterk motvind heilt frå Trollebotnen og opp. Men eg kom meg opp og det blei eit par bilder før eg kom meg ned igjen. Då eg kom ned forbi Trollebotnen fann eg ein sti som sannsynlegvis stammar frå Jølster Fjelltrim. Anbefaler å nytte den stien som >>>
Hegrenesnipa
- Date:
- 02.10.2020
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:11h
- Distance:
- 6.7km