Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Erdalsstølen

Dato:
02.06.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:21t
Distanse:
6,0km

Kveldstur sammen med mannen før regnet kjem

Kart    

Flugestølen

Dato:
22.05.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:06t
Distanse:
5,0km

Tur med mannen denne dagen.

Kart    

Lillomarka

Dato:
10.05.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:44t
Distanse:
11,2km

Tok bussen opp til Solemskogen frå Storo. Flott solskinnsdag og flott å gå. Eg må innrømme at eg er mest glad i dei turane som har litt utsikt, men det kan likevel være greitt å gå ein tur på turar utan at det er så mykje utsikt også. Då eg kom tilbake til Solemskogen, hadde eg 20 minutt til bussen skulle gå, så eg starta å gå nedover og passerte ein liten topp til på vegen.

Kart    

Osstølen

Dato:
02.05.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:27t
Distanse:
6,9km

Tur med Førde vgs. Planen var å ta turen opp til Fløyen, men brua var vekke og elva var stri. Så då blei det ein liten "ekspedisjon" opp til Osstølen der vi hadde ein rast. Vi gjekk nedatt og vidare på Osen folkesti og bort til Gapahuken i Osen. Fin rundtur og ned til fotballbana der dei akkurat var ferdig med trening.

Kart    

Mostølen

Dato:
18.04.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:06t
Distanse:
3,2km

Fin tur med min søster. På vegen frå Førde regna det og det var tendensar til at eg vurderte å velje ein annan tur. Men plutseleg så letta det og vi fekk ikkje ein drope regn. Ein del av vegen opp er fiksa og reparert av elevar ved Anleggsklassane ved Mo og Øyrane vgs(no Førde vgs). Resten av vegen er nok prega av vinterens tunge snøfall med tre som heng over vegen.

Kart    

Gytta

Dato:
10.04.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:31t
Distanse:
2,0km
Kart    

Kvammen og omegn

Dato:
23.03.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:39t
Distanse:
2,3km

Eg og søsteren fann ut at været var betre enn meldingane. Så då blei det kortare turar i Kvammenområdet. Først ein tur til Kvernhusvatnet og Lindelivatnet ved Skrovemarkja. Opp til Kverhusvatnet var det heilt OK å gå. Tørt og fint. Men når vi skulle følge stien vidare til Lindelivatnet vart det verre. Skikkelig myrterreng, så vi vart ganske fornøgde med skovalet tross alt. Det er uansett veldig begrensa kor mykje vatn eit par sko kan halde ute. Turen vart relativt kort, så då blei det ein bonustur til Ålahøgda og Storehaugen. Ikkje så godt merka sti, men vi fann ein sti til slutt. Vi prøvde å finne ei anna rute ned for å unngå invasjon av private hagar. Etter nokre minutt i det vi trudde var ein anna sti, fann vi tilbake til den rette stien. Deretter ned på ein ny veg >>>

Kart    

Våt tur til Gytta

Dato:
22.03.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:36t
Distanse:
2,1km

Søsteren ringte for å høyre om eg ville være med ein tur til Gytta etter styrkeøkta. Som oftast er det eg som dreg ho med på tur, men denne gongen var det ho som spurte og då må eg nesten takke ja, sjølv om været ikkje akkurat er det beste. Det vart ein serdeles våt tur til Gytta. Men som det heiter: du angrer aldri på ein tur. Gytta er tross alt ein fin tur dersom været ikkje er det beste.

Kart    

Annatjønna

Dato:
18.03.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:03t
Distanse:
4,7km

Ein relativt lett tur etter gårsdagens sjufjellstur.

Liafjellet

Dato:
13.03.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:30t
Distanse:
1,8km

Det regnar og då er det greitt å ha ein litt kortare tur. Så Liafjellet var greitt å ta. Litt snø i stien, men ellers greitt å gå.

Kart