Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Furnesstølen

Dato:
03.07.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:03t
Distanse:
4,9km

Kart    

Myklebuststølen

Dato:
03.07.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
0:48t
Distanse:
3,6km

På veg heim frå Utvik, der vi hadde fått oppdrag å hente nokre stolar til leiligheita til sonen og svigerdatter. Sidan verken eg eller mannen har vore heilt til endes i Myklebustdalen, så var det kjekt å sjå.

Kart    

På Sightseeing i Florø

Dato:
30.06.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
5,2km

Vi nytta litt halvdårlege værmeldingar til å ta ein tur på "trimpoengjakt" i Florø by. Fordelen med å delta på trimpoengjakta til Florø, er at ein plutseleg oppdagar nye ting og nye stader. Vi besøkte eit par stader, blandt anna "Den hemmelege kanona", som er ein kanon etter krigens dagar ikkje langt unna Gunhildvågen. Så blei det ein "innsjekk rett ved Flora vgs, Kleivahøgda. Der stod det ein benk og hadde litt usikt. Så blei det tur på Storåsen og Lilleåsen i tillegg rundt Lillevannet. Turen opp til Storåsen hadde ein liten avstikkar "Knapstadnuten", med ein sti eg ikkje har prøvd før. Neste stopp vart Brendøya, før vi avslutta på Sørstrand med eit bad for å toppe det heile. Ettersom eg egentleg er mest glad i å besøke ulike stader, >>>

Kart    

Hydalen

Dato:
29.06.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:36t
Distanse:
8,6km

Fin tur til Hydalen med bading i vatnet.

Kart    

Botnavatnet

Dato:
27.06.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:23t
Distanse:
7,5km

Fin tur til Botnavatnet med mannen. Ein liten dukkert i Botnavatnet blei det også.

Kart    

Brulandsstølen

Dato:
19.06.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:00t
Distanse:
10,2km

Hadde med mannen min på tur. Vi gjekk frå parkeringsplassen ved Bekkjavatnet og fulgte stien på nordsida mot Hundsrasta og vidare opp mot Brulandsstølen. På Brulandsstølen traff vi på dei fine geitene som vart veldig nysjerrig på oss. På vegen registrerte eg at blåbæra allereie er starta å modnast i tillegg til nokre moltekart. Eg vil tru det vert ein bra bærsommar på oss. På veg tilbake fulgte vi sørsida av Bekkjavatnet tilbake til parkeringsplassen. Ein liten stopp ved gapahuken for ein dukkert før vi gjekk vidare til bilen.

Kart    

Grimsetstølen

Dato:
06.06.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:36t
Distanse:
9,0km

Etter gårsdagens varierte tur med det resultat at beina vart ekstra våte, var det greitt å finne ein tur der faren for å bli meir våt ikkje var sååå stor. I tillegg fekk eg med mannen på tur, noko eg synest er veldig bra. Grimsetstølen er lettgått og på grusveg, med moglegheit for å ta seg litt ut opp bakken på midten. Vi såg an til at det vart solstrålar denne dagen og køyrde mot Naustdal. Oppover dalen starta regnet og det regna rimelig mykje og det vart grått, så vi gav opp og starta på veg heimatt. I det vi hadde snudd og køyrt ca 200 meter letta det og vi bestemte difor å likevel gå turen. Vi hadde faktisk opplett på store delar av turen og til og med litt sol. Det er i alle fall ikkje så verst å gå enkelte turar med litt regn og likevel være tørr på beina.

Erdalsstølen

Dato:
02.06.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:21t
Distanse:
6,0km

Kveldstur sammen med mannen før regnet kjem

Kart    

Flugestølen

Dato:
22.05.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:06t
Distanse:
5,0km

Tur med mannen denne dagen.

Kart    

Lillomarka

Dato:
10.05.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
2:44t
Distanse:
11,2km

Tok bussen opp til Solemskogen frå Storo. Flott solskinnsdag og flott å gå. Eg må innrømme at eg er mest glad i dei turane som har litt utsikt, men det kan likevel være greitt å gå ein tur på turar utan at det er så mykje utsikt også. Då eg kom tilbake til Solemskogen, hadde eg 20 minutt til bussen skulle gå, så eg starta å gå nedover og passerte ein liten topp til på vegen.

Kart