Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (102)
- Trugetur (102)
- Fottur (1973)
-
Skitur (63)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (25)
-
Sykkeltur (1)
- Blandet sykling (1)
Over Reksta
- Dato:
- 28.07.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:17t
- Distanse:
- 8,6km
Tok båten over til Selvåg. Eg måtte gje beskjed på førehand at eg skulle dit. Gjekk på skrå til venstre mot grinda og gjennom. Fulgte gjerde til merking av ruta opp mot Indre Rekstafjellet. På høgda tok eg av til høgre mot toppen. Frå stien over Reksta må ein gå nokre meter til toppen. Der er det litt mindre sti, men merka greitt. Gjekk tilbake til varden før eg fortsette ruta til andre sida.
Vidare fulgte eg skilting og merka rute til Midtre rekstafjellet. Slakt og fint opp. Bratt nedatt.
Etter Midtre Rekstafjellet var det tid for Harefjellet. Det er det brattaste fjellet av desse tre. Der går det ganske bratt opp i høgda og enda brattare ned. Traff på eit turfølge som konkluderte med å gå ned der eg hadde gått opp.
Skudalsnipa og Fossedalsegga
- Dato:
- 27.07.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 6:07t
- Distanse:
- 15,5km
Litt grått i Førde i dag morges. Værmeldingane var betre i ytre og tok sjansen på at eg skulle fullføre toppane ved Guleslettene ettersom det står berre to att. Parkerte ved parkeringslomme i Øvrebotnen og fulgte traktorveg opp Norddalen og vidare merka rute derfrå. Slakt og fint i starten, noko brattare opp skaret før Fossedalsvatnet. Tok til venstre opp ved eit stiskille og fulgte sti opp mot Skaravatnet. Tok til høgre opp på høgda før Skudalsnipa. Retur ned til Skaravatnet etter eit par bilder. Fulgte ruta tilbake til stiskille der eg gjekk først opp på Vestre Fossedalsegga, ettersom det var relativt kort opp. Sikta meg inn på ein sti, som gjekk opp mellom Fossedalsegga og Austre Fossedalsegga. Retur ned derfrå samme vegen, men først opp på Austre Fossedalsegga.
Gjekk >>>
Kolåsfjellet og Vardebu
- Dato:
- 26.07.2023
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 1:16t
- Distanse:
- 4,3km
Siste turen denne solskinnsdagen.
Fulgte ruta opp til Vardebu. På veg opp traff vi på ein svært hyggelig mann som fortalte litt om området og utsikta. Han kjente godt til historien om dagsturhyttene i Hordaland og arbeidet som er gjort for å få hyttene på plass. Kjekt å treffe på lokalkjente og få litt historie på kjøpet. Turen vår gjekk vidare til Kolåsfjellet der vi såg ned på andre sida, blandt anna mot Masfjordnes. Stien frå Vardebu til Kolåsfjellet er tilrettelagt slik at vi slapp å bli våt på beina. Joggesko hadde vore heilt greitt skotøy.
Nydeleg solskinnsdag med tre av dagsturhyttene.
Fekk snap med bilde heimafrå der været ikkje akkurat var strålande. Dette gjorde ekstra godt med tanke på val av plass å være denne dagen. Vi hadde tenkt oss på overnatting >>>
Litlåsfjellet
- Dato:
- 26.07.2023
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 0:16t
- Distanse:
- 1,1km
Parkerte der vi såg det kunne parkerast og gjekk opp vegen. Toppunktet ligg nokre få meter frå vegen.
Ikkje akkurat panoramautsikt. Men grei tur.
Vardetangen
- Dato:
- 26.07.2023
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 0:26t
- Distanse:
- 2,0km
Eg var her for eit par år sidagn i lag med mi datter. Denne gongen ønskte min mann at vi skulle ta turen, sidan han har ønskje om å besøke flest moglege dagsturhytter og at det er kjekt at vi kan ha eit felles prosjekt.
Turen bort er lettgått og tilrettelagt for barnevogn. Nydeleg solskinnsdag.
Fedjebjørnen
- Dato:
- 26.07.2023
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 0:13t
- Distanse:
- 0,8km
Ettersom vi tok turen ut til Fedje og høgste toppen ikkje akkurat var noko slit, så blei det ein tur på Fedjebjørnen. Grei sti til topps, ikkje akkurat noko stort slit. Utsikta var ikkje noko å klage på. Flotte nøkkeroser i tjerna på Fedje.
Aurihophytta
- Dato:
- 26.07.2023
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 0:44t
- Distanse:
- 2,4km
Starta frå Førde tidleg denne dagen for å besøke nokre dagsturhytter (i tillegg til eit par toppar)
Nydeleg ver og tendensar til varmt, sjølv på Fedje.
Solbakkeheia
- Dato:
- 24.07.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:54t
- Distanse:
- 5,8km
Værmeldingane var ikkje dei beste. så det vart ein kort tur denne dagen.
Satsa på å finne stien på Redalssida av tunnelen. Fulgte ruta opp til skaret og vidare mot Blåfjellet. Tok av frå stien der eg såg det kunne passe og sikta meg inn på toppen. Tok ein avstikkar mot Orkja på veg nedatt.
Klarte å komme meg i bilen før regnet starta.
Nonsnova
- Dato:
- 23.07.2023
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 4:22t
- Distanse:
- 8,8km
Starta litt seint denne dagen og antok at Nonsnova ville være ein grei tur. Parkerte ned forbi fellesfjøsen ved Øygard og starta på det som tydeleg var nyrydda sti. Denne må ha vore rydda så og sei denne dagen. I alle fall ein fin jobb som er gjort. Stien gjekk opp til Øygardsstølen og var delvis merkt.
Etter Øygardsstølen kunne eg ikkje finne noko sti, men eg fann det som såg ut som dyretråkk. Men som dei fleste veit, så har dyr ein tendens til å gå litt på kryss og tvers og i alle fall ikkje alltid unngå buskas og tre. Det vart difor litt krangling med nokre busker. Skulle krysse elva og plumpa rett nedi, så dei så og seie nye goretexskoa tålte ikkje så mykje vatn.
Fortsette opp og sikta meg inn på skaret sør for Nonsnova. Der fann eg ein sti opp skaret. Derfrå var >>>
