Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Johannesberg... endeleg

Dato:
22.04.2023
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
5:49t
Distanse:
18,2km

Denne turen har eg tenkt på lenge. Fekk tips av ein kollega om at det var fint å gå der no, så då var det berre å finne første og beste dag. Traff på fem karar og to hunder som skulle samme vegen, så då slo eg følge til topps. Litt skare på enkelte parti på veg opp. Men ettersom det var noko skare på veg opp, lurte eg på korleis returen skulle bli. Siste henget før toppen satt eg av meg skia (til liks med fleire av dei andre.) og hadde på broddane for å være sikker på at eg var trygg den bratte bakken. Heilt vindstille på toppen og kjekt selskap med flott utsikt over Sogn der vi utforska kva dei ulike toppane og vikene vi såg. Då eg kom nedatt var det så pass tina at dei fleste partia var greitt å komme ned. Sjølv om stilen min ikkje akkurat kan kallast elegant.

Kart    

Blåene

Dato:
20.04.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:23t
Distanse:
4,1km

Enda ein fin dag å gå tur på.

Kart    

Vindstille på Naregga

Dato:
19.04.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:25t
Distanse:
7,2km

Starta oppe ved tunellen etter Helle. Og gjekk opp ruta eg tidlegare har gått. Ein del tre i vegen opp til skaret. Traff på nokre turgåarar ved skaret og la merke til at dei gjekk ned mot andre enden av tunellen. Kanskje det er der eg vel å gå neste gong? Fann ut eg skulle ein tur via Bakkestølen før eg tok ruta derfra opp til toppen. Litt blautt bort til Bakkestølen. Men ellers greitt å gå. Kunne nyte finværet og sola før retur via den ordinære stien.

Kart    

Hatlesetnipa

Dato:
18.04.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:06t
Distanse:
6,7km

Kollegatur til Hatlesetnipa

Kart    

Heilevangssstølen

Dato:
17.04.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:20t
Distanse:
5,4km

Fin og enkel tur etter helga sine turar.

Kart    

Blåfjellet i Askvoll

Dato:
16.04.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:53t
Distanse:
8,1km

Fint vær denne dagen også. tørr og fin sti. Vind på toppen, men rett nedanfor Blåfjellet var det stille nok til at eg kunne nyte lunsjen min med sol og flott utsikt. Fann ut at det ikkje var så frykteleg langt til neste topp, så eg tok ein tur via Eggene/Siktanuten. På returen tilbake var det varmt og fint og med fuglekvitter. ein skikkelig vårfølelse.

Kart    

Hesjetinden og Bergsheia

Dato:
15.04.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:30t
Distanse:
10,0km

Starta frå Mørketjønnbotnen og fulgte merka rute opp mot Hesjetinden. Over til Bergsheia var det lite/ingen merking og ikkje nokon tydeleg sti. Fann ein meir eller mindre sti tilbake til Hesjetinden. Tydeleg sti ned til dagsturhytta. Merkt frå dagsturhytta tilbake til bilen. Det siste stykket var stort sett myrete og ikkje noko for småsko. Nydeleg vær denne dagen og betre enn værmeldingane har meldt .

Kart    

Hestvikvatnet

Dato:
14.04.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:52t
Distanse:
5,2km

Formen har ikkje vore den beste dei siste dagane, så det har vore eit par findagar utan tur. Prøvde i dag på ein lett og fin tur opp forbi den berykta Hunsåna. Stien går over berget som er eit av norges mest rasfarlege vegstrekningar. Då eg gjekk der, så såg eg kor bratt det er ned fjellsida ned mot fylkesvegen. Og fleire tre har kvelva i bakken. Høyrte også fleire mindre ras av snø opp i Helevangsstaurane. ruta går i trygg avstand frå rasa, men likevel ganske nær fjellet. Nede ved Hestvika traff eg på ein saueflokk med lam. Det er alltid litt kjekt å sjå dei spretne lamma når dei først kjem ut på beite.

Kart    

Nasakletten

Dato:
11.04.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:17t
Distanse:
3,0km

Starta opp vegen mot ryggen. Men fann ut at det mest truleg var mykje snø. Prøvde difor å finne ruta eg gjekk sist ned. Det endte med baksing i buskene. Prøvde å finne ei betre rute nedatt. I starten var det meir basking i busker, Men fann til slutt ein fin rute ned siste stykket og tilbake i bilen.

Kart    

Espenipa/ Skåfjellet

Dato:
10.04.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:10t
Distanse:
4,9km

Parkerte like ved Einestølen. Fulgte tydeleg sti opp til snøen. Vidare oppover brukte eg brodder og gjekk i spora til andre. Mista broddane på veg nedover, så eg måtte gå oppatt eit stykke for å hente dei.

Kart