Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (102)
- Trugetur (102)
- Fottur (1762)
-
Skitur (63)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (25)
-
Sykkeltur (1)
- Blandet sykling (1)
Molden
- Dato:
- 31.08.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:30t
- Distanse:
- 9,1km
Då var det på tide med ein tur til Molden igjen. Denne gongen med mannen min. Han har ikkje vore der før og han har høyrt mykje om turen. Og då passar det godt når været er meldt så bra som det var. Vi reiste inn til Sogndal for å få med oss Sognapride, sidan dotter vår skulle være med i toget og halde appell til arrangementet.
Etter det reiste vi til Krossen og tok turen. Været blei berre betre og betre i løpet av dagen, så her låg det an til å bli ein prima dag.
Det var nok ein del som hadde teke turen, men dei aller fleste var på veg nedatt då vi gjekk opp. Og det er heilt greitt på ein slik tur. Flott utsikt og strålande vær... kan det bli betre?
Skarsvatnet
- Dato:
- 28.08.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:30t
- Distanse:
- 4,7km
Eg og nokre kollegaer skulle ta ein tur til Skarsvatnet og Gaddevatnet. Eg var litt spent på om det hadde blitt slik at vi kunne gå over ved Skarsvatnet denne gongen, sjølv om eg var litt skeptisk ettersom det ikkje akkurat har vore så mykje opplett i området.
Og ganske riktig, det var uråd å gå over utan å bli skikkelig våt på beina, så turfølget ville ikkje utsette seg for det. Vi gjekk heller langs Skarsvatnet og sikta oss opp på høgda mot Skratleheia. Så det vart samme ruta som eg og mannen min hadde litt tidlegare i august. Vi gjekk rett nok ikkje heilt til topps, men opp slik at vi fekk litt utsikt. Spørsmålet var då om vi skulle ta sikte på Hatlebrekkestølen og følge det som på kartet såg ut som ein god traktorveg. Men ettersom eg hugsa frå sist, vart eg skikkelig >>>
Gråbrørne ++
- Dato:
- 24.08.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 5:31t
- Distanse:
- 19,6km
No startar eg snart å lengte etter litt meir sol om dagane. Så det næraste i dag var å reise til Sogn for å få litt meir opplett, sidan værmeldingane var betre i Indre Sogn.
Fulgte grusveg/traktorveg eit stykke og tok til venstre rett ved eit tjørn og fulgte traktorveg og så over på sti. Etter kvart vart det slutt på sti og eg gjekk mest på GPS. Ettersom det sikkert har regna i Sogn også, var nok dei stilause ruta litt vel blaut, men greitt å gå ellers.
Litt bratt ned det siste stykket frå Jakobsdalsholten og bratt opp til Nordre Gråbrørne. Fulgte ein og anna dyretråkk og kom meg greitt ned og opp til Nordre Gråbrørne. Fulgte litt dyretråkk vidare på Søre Gråbrørne. Derfrå var det god sti resten av vegen.
Lite nedbør på turen, noko som er hærleg.
Ulltangstølen
- Dato:
- 23.08.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:00t
- Distanse:
- 4,3km
Tur med meg og mannen min.
Lenge sidan vi har vore på Ulltangstølen. Det er arbeid med minikraftverk og dermed ein mykje fastare veg. Fulgte nedre vegen opp og øvre vegen nedatt. Øvre vegen er nok relativt lite brukt i det siste.
Kvamsfjellet med kollega
- Dato:
- 21.08.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:06t
- Distanse:
- 7,4km
Skuleårets første kollegatur. La det bli fleire dagar med opplett.