Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Other winter trip (102)
- Snowshoe trip (102)
-
Ski trip (63)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (25)
- Trip by foot (1762)
Digernesvatnet og Viestølen
- Date:
- 05.08.2024
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 2:00h
- Distance:
- 7.4km
Langevasshornet ++
- Date:
- 04.08.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:34h
- Distance:
- 15.1km
Etter det eg kunne sjå, var dei beste værmeldingane i ytre i dag. Så då blei det tur til Bremanger og ein av dei toppane eg har mangla der ute.
På veg ut var det mykje regn og litt yr innimellom. Eg parkerte nede ved vegen ved Eikeset. I det eg hadde parkert bilen og gjorde meg klar for å gå, slutta regnet og eg håpa i det lengste at tåka skulle lette også. Eg gjekk opp vegen ved Eikeset og vidare over på traktorveg, som etterkvart minna meir om ein litt brei sti enn ein traktorveg. Greitt å gå på når det tydeleg har regna denne natta.
Etter kvart gjekk vegen over i merkt sti og dermed litt blautare å gå. Stiane i Bremanger er veldig godt merka, så når det var litt tåke på Langevasshornet, så gjorde ikkje det så mykje med tanke på at det er mogleg å sjå kvar eg skulle >>>
Gulebrystet
- Date:
- 03.08.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 1:37h
- Distance:
- 3.8km
Etter eit par lange fjellturar dei foregåande dagane, var det godt å kunne ta ein kort tur. Gulebrystet har eg ikkje vore på før, i tillegg har eg misstanke om at det skulle være fin utsikt. Så då blei det Gulebrystet. Parkerte ved eit busskur ved Sandvika, rett før kirka. Gjekk vegen Sandvika til endes. Der var det merka rute heilt opp til topps. Bratt tur og relativt kort. Stien var tørr og fin med nokre berg enkelte stader. Flott utsikt frå toppen og til og med ein benk som er sett ut på kanten.
Sollinova
- Date:
- 02.08.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 7:05h
- Distance:
- 12.9km
Då fekk eg fullført Sunnfjord kommune si liste over toppar med 100mpf. Dette var nok ikkje den enklaste toppen for meg, sidan den kan verke litt luftig det siste stykket opp.
Eg var litt usikker på kor stor elva var, så eg gjekk opp på venstresida av elva. Litt kronglete å komme seg opp, men det gjekk for så vidt bra. Brukte nok ein del lenger tid opp på grunn av krangling med nokre busker.
Oppe i Sollibotnen fann eg merkinga opp til toppen og glad er eg for det, for det er ikkje den mest opplagte toppen å bestige. Stien gjekk rett opp og så noko til venstre. Etter kvart vart det litt vel luftig for høgdeskrekken, men viljen er nok større enn høgdeskrekken, så opp skulle eg. Eg var i alle fall så var eg svært glad for at merkinga framleis er så pass bra at det går an å komme >>>
Kvannefjellet og Blåfjellet
- Date:
- 01.08.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 9:30h
- Distance:
- 20.6km
Starta ved Haugadalen og gjekk opp til Spelemannsmyra. Tok opp til venstre og opp på Kvannefjellet. Lit klyving her og der, men det gjekk på eit vis.
Greitt resten av ryggen bort til Kvannefjellet nord som var det eigentlege målet i dag. Måtte berre nyte den flotte utsikta i området. Det er verkeleg verdt strevet når ein får så flott utsikt ein kan berre nyte.
Eg fann deretter ut at eg skulle ta ruta ned via Oldeskaret. Eg sikta meg ned mot Blåfjellet og Oldeskaret. Utfordringa mi var at eg ikkje hadde studert godt nok korleis ruta skulle være nedover. Eg fann nokre parti eg kunne ta meg ned, sjølv om det vart litt klyving her og der.
Hadde ein liten ekstratur opp på Blåfjellet. Denne toppen har eg besøkt før, men då hadde eg ikkje så god utsikt. I dag var utsikta prima og >>>