Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (102)
- Trugetur (102)
- Fottur (1808)
-
Skitur (63)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (25)
-
Sykkeltur (1)
- Blandet sykling (1)
Veten
- Dato:
- 22.07.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:19t
- Distanse:
- 5,2km
Store Soleibotntinden
- Dato:
- 21.07.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 4:40t
- Distanse:
- 9,4km
Ein draumetur på ein draumedag. Starta tidleg denne dagen med nokre få bilar på parkeringsplassen. Bomma litt på oppstarten av ruta, men henta meg inn igjen då eg forstod at eg hadde valt feil sti. Sette retning mot ryggen og fann til slutt merka sti. Rett før toppen møtte eg eit par karar som hadde overnatta på toppen og rett etter det traff eg på eit par andre. Då eg kom på toppen var eg heilt aleine i ca 5 min. Etter det kom eit par som var så snille å ta eit par bilder av meg før eg vende nasen nedatt. Mykje folk på veg opp denne dagen.
Blåskavlen
- Dato:
- 20.07.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 4:52t
- Distanse:
- 14,8km
GPSen min feila i starten, så eg har ikkje fått lagt ut spor. Tåke på turen opp. Denne letta utover dagen. Merka sti heile vegen. Vær obs på at det er to merka stiar. Eg fann ikkje heilt kor stien mot Blåskavlen eigentleg starta, men eg fulgte ein sti eit stykke og tok opp ryggen frå parkeringsplassen. Greitt merka stort sett heile vegen
Eldegardsnosi
- Dato:
- 19.07.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:41t
- Distanse:
- 6,1km
Var litt usikker på kva topp eg skulle velje i Årdal denne dagen. Planen var å få ein kort og fin tur. Eldegardsnosi såg ut til å være ein fin topp etter formålet. Men å køyre vegen opp var meir slitsomt enn sjølve turen frå parkering og opp til toppen. Eg er glad det ikkje er mykje bilar på den vegen der. Etter å ha svinga av hovudvegen så er sikringa heller dårleg. Og vidare inn forbi parkeringa til "tusenmetern", så vart vegen rett og slett ikkje køyrbar for sarte bilar. Parkerte inn ved Småløyptevatnet og tok sikte inn mot toppen. Lettgått og fin tur når ein først har kome seg inn med bilen.
Eg trur neppe det vert fleire køyreturar på denne vegen for min del. Då vel eg heller å gå lenger.
Jura
- Dato:
- 18.07.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:32t
- Distanse:
- 9,6km
Parkerte ved ei løe og fulgte vegen opp til Kleivastølen. Tok til høgre i vegskille og fulgte vegen over ei bru. Tok opp skaret og gjekk opp mot toppen der eg såg eg kunne komme opp.
Glitteregga
- Dato:
- 16.07.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:38t
- Distanse:
- 12,4km
Køyrte opp til Randastølen frå Randabygda. Bomveg 50 kr (kan betalast via VIPPS). Parkerte i innhengninga ved stølen (20 kr)
Gjekk opp traktorvegen til stølen og fulgte sti opp mot skardet. Fulgte meir eller mindre merka løype til toppen. Tok raskare veg ned til høgre for ein stor varde og langs ei elv. Fin tur.
Søtekollen, dagens siste tur
- Dato:
- 15.07.2021
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:06t
- Distanse:
- 5,8km
Eg rakk ferga og tok den over til Rutledal. Parkerte ved krysset ved Eggheim og fulgte skilting og god sti til toppen.
Urdanipa, topp nr 4 denne dagen
- Dato:
- 15.07.2021
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 0:25t
- Distanse:
- 1,8km
Eg såg at eg hadde enno litt tid før ferga skulle gå og Urdanipa såg ut til å være kort nok tur til å rekke ferga. Parkerte der eg såg det passa og prøvde å være lur og ta snarvegen, slik at eg slapp å gå så mykje på asfalt. Det endte med litt busker her og der, så eg tok rett retur og gjekk dei metrane tilbake til bilen på asfalt.
Husfjellet, topp nr 3 denne dagen
- Dato:
- 15.07.2021
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 0:29t
- Distanse:
- 1,7km
Eg tok sjansen å rekke ein liten topp då eg hadde god tid til ferga, parkerte langs vegen og såg raudt merke ved hovudvegen. Fulgte merke til toppen.