Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Facebook

Veten

Datum:
22.07.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:19h
Entfernung:
5,2km

Ein liten pitstopp i Åsane på veg til Bergen

Karte    

Store Soleibotntinden

Datum:
21.07.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:40h
Entfernung:
9,4km

Ein draumetur på ein draumedag. Starta tidleg denne dagen med nokre få bilar på parkeringsplassen. Bomma litt på oppstarten av ruta, men henta meg inn igjen då eg forstod at eg hadde valt feil sti. Sette retning mot ryggen og fann til slutt merka sti. Rett før toppen møtte eg eit par karar som hadde overnatta på toppen og rett etter det traff eg på eit par andre. Då eg kom på toppen var eg heilt aleine i ca 5 min. Etter det kom eit par som var så snille å ta eit par bilder av meg før eg vende nasen nedatt. Mykje folk på veg opp denne dagen.

Karte    

Blåskavlen

Datum:
20.07.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:52h
Entfernung:
14,8km

GPSen min feila i starten, så eg har ikkje fått lagt ut spor. Tåke på turen opp. Denne letta utover dagen. Merka sti heile vegen. Vær obs på at det er to merka stiar. Eg fann ikkje heilt kor stien mot Blåskavlen eigentleg starta, men eg fulgte ein sti eit stykke og tok opp ryggen frå parkeringsplassen. Greitt merka stort sett heile vegen

Karte    

Mjølkeflatenhytta

Datum:
19.07.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:04h
Entfernung:
3,6km

Karte    

Eldegardsnosi

Datum:
19.07.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:41h
Entfernung:
6,1km

Var litt usikker på kva topp eg skulle velje i Årdal denne dagen. Planen var å få ein kort og fin tur. Eldegardsnosi såg ut til å være ein fin topp etter formålet. Men å køyre vegen opp var meir slitsomt enn sjølve turen frå parkering og opp til toppen. Eg er glad det ikkje er mykje bilar på den vegen der. Etter å ha svinga av hovudvegen så er sikringa heller dårleg. Og vidare inn forbi parkeringa til "tusenmetern", så vart vegen rett og slett ikkje køyrbar for sarte bilar. Parkerte inn ved Småløyptevatnet og tok sikte inn mot toppen. Lettgått og fin tur når ein først har kome seg inn med bilen. Eg trur neppe det vert fleire køyreturar på denne vegen for min del. Då vel eg heller å gå lenger.

Karte    

Jura

Datum:
18.07.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:32h
Entfernung:
9,6km

Parkerte ved ei løe og fulgte vegen opp til Kleivastølen. Tok til høgre i vegskille og fulgte vegen over ei bru. Tok opp skaret og gjekk opp mot toppen der eg såg eg kunne komme opp.

Karte    

Glitteregga

Datum:
16.07.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:38h
Entfernung:
12,4km

Køyrte opp til Randastølen frå Randabygda. Bomveg 50 kr (kan betalast via VIPPS). Parkerte i innhengninga ved stølen (20 kr) Gjekk opp traktorvegen til stølen og fulgte sti opp mot skardet. Fulgte meir eller mindre merka løype til toppen. Tok raskare veg ned til høgre for ein stor varde og langs ei elv. Fin tur.

Karte    

Søtekollen, dagens siste tur

Datum:
15.07.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:06h
Entfernung:
5,8km

Eg rakk ferga og tok den over til Rutledal. Parkerte ved krysset ved Eggheim og fulgte skilting og god sti til toppen.

Karte    

Urdanipa, topp nr 4 denne dagen

Datum:
15.07.2021
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
0:25h
Entfernung:
1,8km

Eg såg at eg hadde enno litt tid før ferga skulle gå og Urdanipa såg ut til å være kort nok tur til å rekke ferga. Parkerte der eg såg det passa og prøvde å være lur og ta snarvegen, slik at eg slapp å gå så mykje på asfalt. Det endte med litt busker her og der, så eg tok rett retur og gjekk dei metrane tilbake til bilen på asfalt.

Karte    

Husfjellet, topp nr 3 denne dagen

Datum:
15.07.2021
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
0:29h
Entfernung:
1,7km

Eg tok sjansen å rekke ein liten topp då eg hadde god tid til ferga, parkerte langs vegen og såg raudt merke ved hovudvegen. Fulgte merke til toppen.

Karte