Archive - Date
Archive - Activity
-
Other winter trip (99)
- Snowshoe trip (99)
-
Ski trip (63)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (25)
- Trip by foot (1462)
Kvanngrødfjellet
- Date:
- 26.06.2020
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 2:44h
- Distance:
- 7.3km
Turen starta rett ved busstoppskilta ved Byrkjosen. Parkerte ved avkjørsla til garden. Måtte leite litt etter stien, men fann den etter kvart. Bratt oppover forbi tregrensa. Stien slakka ut etter kvart. Lett terreng resten av turen. Såg ikkje alle vardane så eg tok sikte mot ryggen på Blåfjellet og vidare mot toppen. Fann vardane på veg nedatt.
Skratleheia
- Date:
- 20.06.2020
- Duration:
- 2:37h
- Distance:
- 7.7km
Kjekt med nye turar. Fulgte stien mot Høgevarden. God sti og til dels merka. Tok av stien eit stykke opp i bakken etter Skardsvatnet. Då eg nerma meg toppen blei eg nesten angripe av nokre måker. Litt usikker på kvifor dei hadde funne vegen opp på fjellet, så langt frå sjøen. Fann ut at eg kunne prøve å fortsette. Litt brattare terreng nedatt til bilen og ikkje minst ein del blautare. Ruta opp er fin, ruta nedatt er så som så.
Steinkorsen - igjen
- Date:
- 19.06.2020
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 1:45h
- Distance:
- 6.3km
Siste arbeidsdag for lærarane. No er det berre to veker att til eg kan ta ferie. Sidan eg klarte å gløyme å sjekke inn på dagsturhytta, var eg berre nøydd å ta turen oppatt.
Steinheia
- Date:
- 18.06.2020
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 3:52h
- Distance:
- 8.4km
Søsteren inviterte meg med på tur sammen med ein gjeng turglade. Litt vel varmt i bakkane, men ein sval bris på toppen.
Eikelandstølen
- Date:
- 17.06.2020
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 1:11h
- Distance:
- 3.2km
Litt usikker på kvar stien eigentleg gjekk, så vi spurte først eit par i eit hus ved Eikeland. Dei lånte oss parkeringsplass. Då vi skulle starte turen fekk vi glimrande turtips. Gå opp traktorvegen. Gå over elva og etter 40 meter ta til venstre opp stien.