Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (102)
- Schneeschuhtour (102)
- Fahrradtour (1)
-
Fußtour (1762)
- Bergtour (1308)
- Jogging (5)
- Spaziergang (1)
- Wanderung (440)
-
Skitour (63)
- Langlauf (25)
- Tourenskilauf (38)
Hafstadstølen
- Datum:
- 19.03.2020
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 2:09h
- Entfernung:
- 7,6km
Tur etter jobb. Endeleg såg det an til å bli ein ettermiddag med finvær. Litt kaving gjennom snøen det siste stykket opp til stølshusa på Hafstadstølen
Gapahuken ved Eventyrstien
- Datum:
- 15.03.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:44h
- Entfernung:
- 2,5km
Ikkje det beste været denne dagen. Men det gjer ikkje noko då turen går i skog og vi kan kvile i Gapahuken. Kjekt med sånne kvileplassar med utsikt.
Baksing til Buskefjellet
- Datum:
- 14.03.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 0:57h
- Entfernung:
- 1,4km
Eg hadde bestemt meg for "ein kjapp tur" ekstra utover Høgeskolten/Granefjellet, for å fullføre toppane på Atløy. Etter det eg kunne sjå, var det grei skuring, sidan toppen er så liten. Men som eg har erfart tidlegare, så er ikkje det nødvendigvis at dei minste toppane er dei enklaste å bestige. Eg lokka til og med turfølget mitt med på "ekspedisjon". Det var ingen tydelig sti, så det er sannsynleg at dette ikkje er ein topp mange vel å bestige. Eg trur nesten ikkje lokalbefolkinga veit om denne toppen. (Eg veit om minst 1 som kjem under den kategorien). Vi lurte på å velje "skaret", men utan tydeleg sti og visste vi ikkje om vi kunne gå der. Vi valte med andre ord ikkje "skaret" på veg opp, men på veg nedatt. Vi kan vel sei det kom >>>
Høgeskolten på Atløy
- Datum:
- 14.03.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:01h
- Entfernung:
- 4,5km
Fann ut eg ville bestige nokre nye toppar og helst utan å vasse så mykje i snø, så eg tok sjansen å ta med søsteren på Atløy. Fann eit skilt på vegen ut som peika mot Granefjellet, sjølv om ikkje denne stien er merkt på kartet. Fin stigning oppover utan for mykje klyving.
Brukte broddar på turen, og det angra vi definitivt ikkje på. Holdt på å "blåse vekk" på toppen, så det vart ikkje noko kaffekos på toppen.
Erdalsdalen
- Datum:
- 13.03.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:10h
- Entfernung:
- 3,4km
Kaving i snøen gjorde at vi ikkje gjekk heilt til Erdalsstølen
Gulakvila, dagsturhytta i Gulen
- Datum:
- 07.03.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 0:34h
- Entfernung:
- 1,6km
Enda ei dagsturhytte, i jakta på alle dagsturhyttene i Sogn og Fjordane.
Relativt kort tur, som er lett for dei fleste å besøke. Godt merka og tydelig godt brukt turmål. Ei flott utsikt. Det vil også være grei skuring å fortsette oppover mot Høgefjellet og evt. vidare. Vi valte ikkje dette og det er eg eigentleg litt glad for. Då vi kom nedatt til bilen starta regnet. Timingen kunne ikkje vore betre.
Sørefjordhytta
- Datum:
- 07.03.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 0:57h
- Entfernung:
- 2,0km
I prosjektet vårt med å samle dagsturhytter, var det ein fin anledning til å besøke Sørefjordhytta i Hyllestad. Greitt å gå, men broddar er godt å ha når det er litt is og snø i stien. Flott plassering av hytta. Vi lurte på å ta med oss Hesjetinden i tillegg, men dette får vi ta til ein annan gang.