Gamle postvegen Beliklindi-Styvi

Name Gamle postvegen Beliklindi-Styvi
Search name Bleikindli-Styvi gamle postveien
Type Hiking
Region Aurland
Parent regions Europe, Norway, Norway mainland, Vestland, Sogn og Fjordane, Sogn
Adviser admin (Administrator)
Last modification 09.03.2016
Alternative name Styvi-Bleikindli
Route type Main route
Distance 5.3km
Coordinates 32V 386323 6757380 (UTM)
Map Show object on map
Content
Language
Adviser none
Statistics

Register visit of Gamle postvegen Beliklindi-Styvi.

Overall 2 members have registered 2 visits of Gamle postvegen Beliklindi-Styvi.

Map

Klikk på kartet for en dynamisk versjon i eget vindu

Beskrivelse

Skrevet av Kristin Ese, kilde: Sogn og Fjordane Fylkeskommune - Fylkesarkivet

Postvegen Bleiklindi - Styvi i Nærøyfjorden

Dagens stamveg mellom Oslo og Bergen går mykje godt etter den same ruta som dei gamle postvegane gjorde. Men frå Lærdal følgjer dei ikkje lenger fjorden, men tek seg gjennom fjellet i mange og lange tunnelar. Ein del av den gamle postvegen som gjekk langs Nærøyfjorden ligg framleis urørd. Denne vegen vart for det meste nytta om vinteren når det låg is på Nærøyfjorden og det var vanskeleg å bruka båt til og frå Gudvangen.

Den gamle ridevegen i Nærøyfjorden byrja ved garden Styvi. Styvi var frå gammalt av skyssgard og postgard. Her er det fleire bustadhus og driftsbygningar, og garden er framleis i drift. Det skal ha budd folk her sidan vikingtida. I middelalderen var det tre bruk på Styvi, men etter Svartdauden (1349) har det aldri vore meir enn to bruk. Ved fjorden ligg det minste postkontoret i landet, kombinert med kafé og gardsmuseum. Museet opna i 1993.

Ein gammal rideveg

Den gamle postvegruta gjekk vanlegvis med båt mellom Lærdal og Gudvangen i Nærøyfjorden. Bøndene, som hadde skyssplikt, rodde postkarane den lange vegen. Men seinhaustes og til ut i april kunne det liggja is inne i Nærøyfjorden. Då vart Styvi stoppestad. Her var det eit 5 km langt vegfár inn til Bleiklindi der fjorden er på sitt smalaste. Herifrå var det å ta seg over isen til Bakka, tvers over fjorden, og vidare etter eit vegfár inn til Gudvangen. Men kryssinga på isen var ikkje heilt ufarleg. Så viktig var denne vegparsellen for postgangen, at det rundt 1850 vart vurdert å føra vegen vidare frå Bleiklindi til Ramsøy og Gudvangen. Då kunne dei unngå den farlege kryssinga på isen over fjorden til Bakka. Vegen mellom Bleiklindi og Styvi var ein viktig del av postvegen mellom Bergen og Oslo.

Ein sledebåt vart konstruert

Vinters tid måtte ein ofte ha båt med på sleden, i tilfelle det var råd å ro. Det var sjølvsagt svært tungvint, og difor konstruerte postbøndene i Nærøy ein spesiellisbåt, ein kombinasjon av slede og båt. Dei bygde båten slik at den vart nokså jambreid, og samstundes flatbotna. I staden for kjøl etter midten bygde dei to kjølar eller meier. Båten var lett, men stødig, og på isen oppførde han seg som ein slede. Ingen veit når den første isbåten vart bygd, men truleg var det ein gong på 1700-talet. Den siste isbåten står på Sogn folkemuseum.

Vegen ligg i eit landskapsvernområde

Vegen mellom Bleiklindi og Styvi følgjer i hovudsak strandlina der det er mogleg. Vegen har vakre bakkemurar, stikkrenner og grøfter. I Galdane, like vest for Styvi, er det bygd ei trebru langs fjellet slik at ein kan passera dette bratte fjellpartiet. Litt vest for Galdane vart det sett opp jernrekkverk på oppsida av vegen til hjelp for dei vegfarande når det var issvullar og glatt. 18. oktober 1991 vart strekninga Styvi-Holmo oppretta som landskapsvernområde. Vern av heile Nærøyfjorden var alt då ein del av arbeidet med ein nasjonalparkplan, men grunna private planar om å byggja ein landbruksveg frå Styvi langs fjorden, vart prosessen med å verna postvegen mellom Styvi og Bleiklindi framskunda.

Veg til Bakka, men ikkje til Styvi

På 1800-talet vart det sett i gong opprustingsarbeid av postvegane for å få fortgang i postomberinga. I 1854 bygde dei ein køyreveg mellom Gudvangen og Bakka. Vegbreidda var 2,5 m med innskrenkingar til 1,9 m på dei vanskelegaste stadene. Vegen frå Styvi til Bleiklindi vart aldri noko anna enn gangveg og kløvveg.

Literature and references

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text: