Leirvassbu, sommertur 2013 (14.08.2013)


Kart
Bestigninger Kyrkja (2032moh) 14.08.2013
Langvasshøe (2030moh) 14.08.2013
Stetinden (2020moh) 14.08.2013
Visbreatinden (2234moh) 14.08.2013

Tirsdag ettermiddag, 13. august, reiste eg og Roger Vik avgårde på tur. Målet var Leirvassbu og toppane deromkring. Pga brann i Gudvangstunellen gjekk vegen via Vikafjellet - Vangsnes - Hella - Sogndal - Luster - Gaupne - Skjolden - Sognefjell. Dette var ein solid kjøretur på ca 6 timer.

Me kom seint fram til Leirvassbu, men me vart møtt av ein hyggeleg resepsjonist som sjekka oss inn på firemannsrom(men det var berre meg og Roger der).

Første dagen gjekk me over kyrkjeøksle til langvasshøe, vidare til visbretind. På veg tilbake gjekk me opp på kyrkja. Steinura opp mot Langvasshøe var overraskande bratt, men etter å ha konferert med nokre franskmenn fekk me vite at det berre var å gå rett fram. Kyrkja var ganske bratt og luftig også, og særleg Roger hadde litt problemer med å komme seg opp.

Det var flott vær, men overskya. Det var god sikt nede i dalen, men oppe på toppane såg me ingenting.

På dag to gjekk me til Stetind, ein tur på ca 5 timer tur/retur. Eg hadde fått betennelse i venstre kne, så me måtte ta det heilt med ro. Me brukte god tid, noko som passa heilt fint sidan me hadde fantastisk vær. Blikk stille og ikkje ei sky på himmelen. Sjølve bestigningen av toppen var noko lettare enn kyrkja, men også her måtte Roger kjempa med seg sjølv for å nå toppen :-) Vel oppe fekk me ein uforglemmeleg utsikt!

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.