Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
"Peakbookvenner"
Lister jeg samler etter
Favorittopper
Heregga
- Dato:
- 16.07.2025
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 5:56t
- Distanse:
- 16,1km
Kjøyrte opp i den vakre Herdalen. 120 kr for bompengar for ein av dei beste setrevegane eg har sett. Starta ved den flotte setra. I tillegg til fjellgeita ddmbeast (David Dagestad Myklebust) var det mykje dyreliv her. Tok feil av råsa og eit saudetrakk tidleg så blei litt unødvendig knoting i starten. Hadde ikkje lest noko som helst om turen på førehand, men tenkte det kom til å vere sti til topps. Til lenger vi gjekk inn gjennom Nordre Herdalen såg vi at dette ikkje stemte. God rås i sjølve dalen. Svinga opp på ryggen rett etter vatn 1044 og følgte ryggen vidare over Heregga søre til hovudtoppen. Gjekk ei meir direkte linje ned, ca. ved Heregga søre til mellom vatn 1037 og det ned om. Bada i elva før vi gjekk nedatt til setra. Ein del frustrasjon over ein ikkje-fungerande fot.
Kråkhornet
- Dato:
- 09.06.2025
- Turtype:
- Løpetur
- Turlengde:
- 1:56t
- Distanse:
- 8,0km
Det regna godt i Ørsta denne morgonen. Det såg ut til å bli ein roleg dag før ddmbeast (David Dagestad Myklebust) tok kontakt med ynskje om å arbeide på Nordfjord pf. 100 lista. Regnet ga seg i Grøndalen og då vi parkerte ved Heggjadalsvatnet hadde sola komt fram. Vi følgte god sti langs Lagmannen til Blåfjellet. Vidare til Kråkhornet var det stilaust, men lettgått. På returen gjekk vi eit lite stykke mot Lindvikskaret før vi braut ned mot aust og retning punkt 368. Traff Heggjadalsvatnet ved den nordlegaste hytta som var plassert fint på eit nes. Følgte stien langs vatnet tilbake til bilen.