Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
"Peakbookvenner"
Lister jeg samler etter
Favorittopper
Heregga
- Dato:
- 16.07.2025
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 5:56t
- Distanse:
- 16,1km
Kjøyrte opp i den vakre Herdalen. 120 kr for bompengar for ein av dei beste setrevegane eg har sett. Starta ved den flotte setra. I tillegg til fjellgeita ddmbeast (David Dagestad Myklebust) var det mykje dyreliv her. Tok feil av råsa og eit saudetrakk tidleg så blei litt unødvendig knoting i starten. Hadde ikkje lest noko som helst om turen på førehand, men tenkte det kom til å vere sti til topps. Til lenger vi gjekk inn gjennom Nordre Herdalen såg vi at dette ikkje stemte. God rås i sjølve dalen. Svinga opp på ryggen rett etter vatn 1044 og følgte ryggen vidare over Heregga søre til hovudtoppen. Gjekk ei meir direkte linje ned, ca. ved Heregga søre til mellom vatn 1037 og det ned om. Bada i elva før vi gjekk nedatt til setra. Ein del frustrasjon over ein ikkje-fungerande fot.
Blåtind, Punkt på Skjerdingdalsbreen og Sætreskarsfjellet
- Dato:
- 21.06.2025
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 4:25t
- Distanse:
- 16,2km
Planen var spikra tidleg dagen før. Henta ddmbeast (David Dagestad Myklebust) i gryotta. Tungt skydekke i Ørsta som etter planen skulle lette til turstart ved Djupvasshytta. Då det framleis var yr og litt surt ved start blei turen utsatt medan vi sto saman med bubilane i lomma på Neset. Snøven låg så og seie heilt ned til vegen. Gjekk ein litt slakare variant mot Grasdalsreset før vi sikta mot Blåtind. Skodde på toppen. Såg ingenting av ruta vidare, men tenkte at vegen skulle sei seg sjølv, sjølv utan sikt. Raskt bort på punkt på Skjerdingdalsbreen. Måtte av med ski på eit punkt før Sætreskarsfjellet. Skodde litt av og på, men heile tida litt lettare. Gjekk i våre eigne skispor på veg tilbake før vi tok ein rask svippar på Blåtind igjen då det låg at nokon solbriller. Meir direkte linje ned at til bilvegen.