Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Så langt har jeg ingen "Peakbook-kontakter".

Lister jeg samler etter

Revsdalshornet

Dato:
12.10.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:40t
Distanse:
7,9km
Kart    

Skruven og Litleskruven

Dato:
09.09.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:39t
Distanse:
12,3km

Topptur saman med om lag 35 andre i regi av Stranda Turlag. Vi starta frå Rindalsstølen og gjekk raskt oppover Tverrdalen mot Russadalen. Vi fekk oss nokre regndråpar medan vi gjekk innover dalen og frykta det verste. Heldigvis passerte regnbygene sør-aust for og vest for oss! Etter ei matpause i lia over Russavatnet gjekk vi bratt opp langs ei renne og inn mot breen. I følge turleiarane var breen uvanleg liten, dei hadde faktisk ikkje sett breen så liten før. Det var difor ikkje tilrådeleg krysse breen. Vi runda difor breen på høgre sida (rett under Skruven ) før vi gjekk tilbake eit stykke og opp på ryggen mellom Litleskruven og Skruven . Etter ein tur innom Litleskruven nådde vi Skruven etter om lag fire timar.

Kart    

Tretindanibba

Dato:
01.09.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:53t
Distanse:
12,5km

Vi starta frå rasteplassen ved Eidsvatnet og gjekk bratt oppover mot ca 900 moh der det flata noko ut. Deretter i ur langs Oaldsvatnet. Vi rasta ved inste enden av vatnet før vi gav oss i kast med siste biten med ur før ryggen opp mot Tretindanibba Sør . Etter nokre kjappe bilete gjekk vi vidare over ryggen fram til Tretindanibba . Etter innskriving i boka rusla vi ned til eit utsiktspunkt litt vest for toppen. Der vanka det ei formidabel utsikt innover mot Hellesylt og utover mot Stranda. Vi kunne også sjå husa i Oaldsbygda. Returen gjekk ned same veg som vi kom opp.

Kart    

Rødalsegga og Sæterhornet

Dato:
25.08.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
7:30t
Distanse:
10,5km

Vi gjekk bratt opp frå parkeringa ved Tafjord 5 (Zakariasdammen) og kom opp på ryggen som fører til Rødalsegga . Derifrå gjekk vi vidare til Sæterhornet . Ned frå Sæterhornet mot Daurmålsvatnet og deretter DNT-stien til Reindalseter . Til slutt retur langs Zakariasvatnet til parkeringa ved Tafjord 5.

Kart    

Grøtet frå Kilsti

Dato:
14.08.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:37t
Distanse:
11,3km

Vi gjekk frå parkeringa ved Kilsti til Kilstisætra og vidare opp mot Kilstiheia. Deretter grov ur mot toppen.

Kart    

Tur til Storhornet (Stranda)

Dato:
13.08.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:20t
Distanse:
6,3km

Turen gjekk frå Habostadsetra opp til Samfunnskaret og derifrå langs ryggen mot toppen.

Kart    

Med Stranda Turlag til Nokkenibba

Dato:
12.08.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:34t
Distanse:
9,6km

Bratt opp frå Hellebostad til setra, derifrå vidare til topps. Frå toppen gjekk vi ned til eit utsiktspunkt med god utsikt over både Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden. Derifrå kunne vi sjå mellom anna Syltevika, Matvika og Lundanes.

Kart    

Første 2000-meterstopp i Rondane

Dato:
09.08.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:19t
Distanse:
20,9km
Kart    

Høvringen - Formokampen

Dato:
07.08.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:31t
Distanse:
13,6km
Kart    

Vardane og Svanshornet

Dato:
29.07.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:45t
Distanse:
13,2km
Kart