Ein av dei store turopplevelsane :) (27.03.2014)

Skrevet av Eikås (Janne Eikås) GSM

Startsted Kvitingen (506moh)
Sluttsted Kvitingen (506moh)
Turtype Fjellskitur
Turlengde 9t 00min
Distanse 44,3km
Høydemeter 2780m
GPS
Bestigninger Gjelhøi (1982moh) 27.03.2014
Hestdalshøgde (2091moh) 27.03.2014
Tverrfjellet (1952moh) 27.03.2014
Nok ein nydeleg dag, tindrande klart, stille og faktisk utruleg god temperatur! Etter å ha nytt ein laaang frukost og eigentleg seint igang for dagens turplan...., klokka var allerede 11.30
Tok av opp mot Kvitingen, ikkje så langt frå krysset til der ein tek av mot Sota Sæter. Ca 1,5 km og kr 50 i bomavgift til Kvitingen og vinterparkering der. Fortsette vidare med ski opp skogsbilveg ca 2,7 km til Skjellom, eit idyllisk støylsområde.
Skjellom Støylane
Skjellom Støylane
Herifrå og opp lia mot Tverrfjellet 1952 moh, fekk eg føling av ekstremt laange seige vidder og ein assosiasjon til Jostedalsbreen :) Med eit nydeleg turver og nye områder å sjå så går seige mellomdistanser som ein leik...!! :)
Frå Hestalshøgde 2091 moh
Frå Hestalshøgde 2091 moh
Vidare på turen er det eit utruleg nydeleg og storslått naturskue å sjå, frå 2000 moh toppen Hestalshøgde og endå betre blir det mot målet Gjelhøi 1982 moh Det minner eigentleg om eit eventyrlandskap og spesielt med eit så strålande ver! Det er berre å nyte :) :) Vi er heldige som har så storslått natur!
Gjelhøi 1982 moh
Gjelhøi 1982 moh
På toppen av Gjelhøi 1982 moh er det berre å nyte utsikta mot Holåtindane og Hestbreapiggane i ein nydeleg solnedgang :)
Frå Gjelhøi mot Holåtindane
Frå Gjelhøi mot Holåtindane
På veg heim og tilbakeblikk til nydelege Gjelhøi 1982 moh
På veg heim og tilbakeblikk til nydelege Gjelhøi 1982 moh
Ein seig og laang heimtur, men i fantastisk solnedgang :)

Ved Gjelhøi
Ved Gjelhøi

Ein liten matstopp mellom Hestalshøgdi og Gjelhøi og tid til å nyte skuet og reflektere over alt det vakre ;) :)

Ved Gjelhøi
Ved Gjelhøi
Johan i nydeleg solnedgang ved Gjelhøi
Johan i nydeleg solnedgang ved Gjelhøi

Turfølgje Johan

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.