Solliknuden (09.06.2025)

Skrevet av ArilT (Aril Torheim) GSM

Startsted Solliknuden p-lomme (129moh)
Sluttsted Solliknuden p-lomme (126moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 3t 31min
Distanse 11,3km
Høydemeter 647m
GPS
Bestigninger Solliknuden (620moh) 09.06.2025 10:40
Andre besøkte PBE'er Solliknuden p-lomme (125moh) 09.06.2025 10:40

Solliknuden

Etter ei helg med bryllup i Kristiansand var det ei perfekt anledning for å bestige ein kommunetopp på veg tilbake til Bergen. Solliknuden utmerka seg som eit godt alternativ der den ligg med enkel adkomst rett ved E39.



Vi parkerte ovanfor Lundheim folkehøgskule og la opp turen som ein rundtur. Opp via Hageskaret og via Heiavatnet på heimturen.

Godt merka sti opp skogsterreng som leda opp på eit avkledd platålandskap. På veg opp skogen møtte vi ein gjeng som var ute å jaga saudene sine til fjells. Tok her ein liten omveg utanom stien og klarte å snike oss rundt dei uten å forstyrre gjetinga.



God utsikt utover Dalane frå toppen. Ingen vindturbinar i umiddelbar nærhet, men det kunne skimtast tjukt med turbinar i horisonten mot kysten.



Nede ved Heiavatnet var det lagd til eit flott område med rastebord og benkar. Her vart det ein liten kvil før vi vendte tilbake til bilen og satt kurs mot Bergen.



Starttidspunkt 09.06.2025 10:40
(UTC+01:00 ST)
Sluttidspunkt 09.06.2025 14:12
(UTC+01:00 ST)
Totaltid 3t 31min
Bevegelsestid 3t 21min
Pausetid 0t 10min
Snittfart totalt 3,2km/t
Snittfart bevegelsestid 3,4km/t
Distanse 11,3km
Høydemeter 647m

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.