Frå Håland til Tysse om Skipet (11.04.2026)

Skrevet av Kaare_70 GSM

Kart
Bestigninger Skipet (700moh) 11.04.2026

Herleg vårtur i strålande sol og stadvis kraftig austavind, men med tung snøvassing over 550 moh. Om lag 8 km, 700 hm og 5 timar på tur med ein god mat- og kaffipause. Av liv såg me ein hjort ovanom Håland, ein jaktande spurvehauk ved sjølve garden, ei gråspett i Sørhusdalen og ei havørn i luftig svev over Tysse. Det var ellers spor etter både hjort og elg.

Ein god halvtime etter turstart får me flott utsikt mot Vik, Bogsfjorden og Herenibba

Dei første snøflekkane møter oss på snaut 550 moh

På veg mot fjordutsikt ved Fjerdingskiftjuvet

Ved juvet der me får dramatisk utsikt mot Tyssefjorden, som går kvit i austavinden

Frå same staden mot Bogsfjorden med Gunlanuten og Herenibba

Ved sjølve det dramatiske juvet
Ved sjølve det dramatiske juvet
Frå same staden mot Tyssefjorden og Skute. Kvitpynta Grytenuten dominerer i bakgrunnen

Toppen i sikte etter ein liten rast med inntak av raske kalorier

Oppunder toppen av Skipet
Oppunder toppen av Skipet
Vindfullt på Skipet! I bakgrunnen sjåast Rødsnuten, Moltenuten og Ullsfellet, og dessutan Ullsvatnet. Aller bakerst er Hustveitsåta kjennesleg

Vintraleg nedgang med flott utsikt mot Reinsnuten og Nattlandsnuten

Nedgang mot Sørhustjødna etter ein god mat- og kaffipause i sol og fint le. Den bratte veggen på Ullsfjellet dominerer i bakgrunnen

Ved Sørhustjødna med stølsmuren i framgrunnen

Lett retur nedover skogkledde Sørhusdalen

Turavslutning i Tysse
Turavslutning i Tysse

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.