Sokse (31.05.2025)

Skrevet av ArilT (Aril Torheim) GSM

Startsted Krossbu (1262moh)
Sluttsted Krossbu (1252moh)
Turtype Randonnée/Telemark
Turlengde 6t 06min
Distanse 14,7km
Høydemeter 1098m
GPS
Bestigninger Sauen (2077moh) 31.05.2025 08:05
Sokse (2189moh) 31.05.2025 08:05
Sokse Nordklo (2182moh) 31.05.2025 08:05

Sokse

Fekk med Silje, Magnar og Rasmus på en tur over til Sognefjellet. Magnar og Rasmus skulle i 40-års kalas på kvelden, so det vart tidlig avreise klokka 5 frå Hornindal for å nå heim i tide.

Klokka 8 var vi klare for avmarsj mot Leirbreen og Sokse. Vi var første bil på parkeringa ved brua nedafor Krossbu, så dette lova godt! Snøen låg akkurat slik at det fortsatt var mogleg å gå på ski frå vegen no siste dag i mai.

Det gjekk radigt opp til Leirbreen. Rasmus og Magnar holdt fortroppen og praten gjekk laust om "ka dei kan ha på tapp på Krossbu". Tonje var godt inn i første trimester, så ho hang litt bak med morgenkvalme, men klarte å skjule det for resten av gruppa.



Oppe på breen var vi aleine foruten om ein einsleg skiløpar som passerte under Skeie. Deilig å vere tidleg ute! Det låg eit tynt skydekke over breen, men tindane rundt stakk opp mot den blå himmelen.

Silje kunne skimte Sokse som vi skulle på, og byrja å bli skeptisk på kor dette skulle gå. Det såg bratt ut. Ho vart ikkje mindre skeptisk i det vi parkerte skia ved foten av Sokse og møtte ein gjeng Tindevegledar-aspirantar som kom ned i 3-manns taulag. Eg forsikra ho om at dei var nok berre ute på samling for å øve seg, og at dei fleste går opp her utan taulag ved gode forhold som i dag.



Vi gjorde oss klar for toppstøtet og leita fram stegjern, isøks og hjelm. Tonje sine stegjern gjekk ikkje å stille ned til å bli små nok til å passe på skoa hennar. Klassisk tabbe å ikkje teste ut utstyret før ein treng det. Vi var heldigvis løysningsorienterte og bytte stegjern, då mine stegjern gjekk å stille ned til hennar storleik. Etter litt kjappe justeringar var vi klare.

Rett ovanfor der vi parkerte skia kom eit lite minicrux. Her låg det eit tynt lag med snø på eit kort sva, så her måtte ein finne gode tak til stegjerna i ei sprekke og klyve opp.



Vidare bar det inn i traversen over til renna som fører opp til skaret mellom dei to kloene på Sokse. Gode spor å gå i. Magnar gjekk støttande i underkant av Silje slik at ho skulle føle seg meir trygg.

Opp renna bratna det til, men med eit snødekke som var mjukt i toppen var det ingen problem å komme seg opp.

Ganske rått i det ein bikka toppen av skaret og fekk Galdhøpigg-massivet midt i mot.



Vidare besteig vi først Sokse Nordklo. Her var det også eit lite minicrux då snøen var soppas mjuk at ein steig igjennom fleire stadar, og måtte istaden finne tak til stegjerna i steinen under snøen.

Kult motiv frå toppen her mot Sokse sin hovedtopp med Storebjørn i bakgrunnen!



I det vi nådde hovedtoppen var skylaget rundt Leirbreen letta, og vi fekk rå utsikt mot både Store og små bjørnar, Skeie og Hurrungar i det fjerne.



Turen nedatt renna gjekk som ein leik, og no spaserte Silje og Tonje skravlande avgårde som om dei var på søndagstur. Det føltes tydeligvis ikkje bratt ut lenger.

Det dukke no folk opp på alle kantar, og på breen kom folk på rad og rekke oppover. Vi hadde ikkje lenger fjellet nesten for oss sjølve.



Tilbake i Bjørneskaret blei det ein matbit i solsteiken før vi traska ein tur over til Sauen. Greit å få plukka med seg litt toppar når ein fyrst er på tur!

Kniven låg der også å frista rett vedsiden av, men sidan to i følget hadde eit kalas å rekke fekk den stå att til ein anna gong.



Supert føre ned Leirbreen igjen soppas tidlig på dag før sola får tatt ordentlig tak!

På veg heim vart det middag på Skei kro kor det var eit yrande folkeliv i forbindelse med veteranbilløpet Flåklypa Grand Prix. Ordentlig sommarstemning!

Takk for turen!



Starttidspunkt 31.05.2025 08:05
(UTC+01:00 ST)
Sluttidspunkt 31.05.2025 14:11
(UTC+01:00 ST)
Totaltid 6t 06min
Bevegelsestid 6t 06min
Pausetid 0t 0min
Snittfart totalt 2,4km/t
Snittfart bevegelsestid 2,4km/t
Distanse 14,7km
Høydemeter 1098m

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.