NF vidaregåande skredkurs praksis (01.02.2026)
Skrevet av kobbenes (Kristian Starheim)
| Andre besøkte PBE'er | Kolåstindhytta (381moh) | 01.02.2026 20:44 |
|---|
Skredinstruktørpraksis på NF vidaregåande skredkurs med DNT sunnmøre. 12 deltakarar, to instruktørar og to praktikantar, så rimelig pakka på kolåstindhytta. God stemning!
Kaldt vær og knallharde forhold på Standalseidet. Første dag gikk til Kvanndalen for kameratredningsøving. Strålande vær, men isete føre og kaldt. Fikk aldri heilt varmen i dag, men for eit klasserom!
Andre dag fulgte vi rykta om betre føre i Hornindal, og tok turen til Guridalen ved skitrekket. Særs mykje bedre, og det vart ein bra dag med god stemning, snøkjennskap, og fin køyring.
Tredje og siste dag tok vi også i Hornindal. Vi hadde ein plan A, B og C, men på parkeringa ved Honndøla bru var det plan E som såg best ut: Kringdalen mot Nausen. Tett skog opp i dalen og oppkjørt, men så veldig fine forhold. Nokon gikk på Nausen, medan andre tok ein runde til med snøkjennskap. Varmt i sola til og med! Så litt busking for å kome seg ned skogen igjen.
Kjekt kurs med kjekke folk! Kursledar for mi gruppe var Åsmund Steen, som kjente til både den eine og andre her på peakern, så det var trivelig.









Kommentarer