Rødøyløva (22.07.2025)
Skrevet av MooCow (Jan Bremer Remø)
Bestigninger | Rødøyløva (443moh) | 22.07.2025 |
---|
Gjekk til Rødøyløva frå den fine leirplassen Storsand. Tilrettelagt med utedo og friluftsdusj. Mykje sherpatrepper opp til toppen, skjemmandes med ein del reklamesteinar av heilt anna type stein, og unøvendig plakett på toppen med 71 grader nord info. Godt å kunne gå om kvelden for å unngå varmen. Funderte på om det gjekk å ta ei meir direkte rute nedatt til Storsand, var to ryggar å velja i, men vanskeleg å sei på avstand om det lot seg gjera eller ikkje, valgte difor same vegen ned som opp.
Kommentarer
Norland
Skrevet av Esone 26.07.2025 08:40Utruleg vakkert Jan ! Kjekt med bilder frå deg. Norland har mykje å by på. Er elles samd med deg i at inngrep i turismens namn kan skjemme. Flott at me har Nasjonalparkane og verneområda.
Sv: Norland
Skrevet av MooCow 27.07.2025 13:14Hei! Ja Nordland har veldig mykje flotte fjelltoppar! Lyt nok oppatt hit før eller seinare :D Godt som du seier at vi fortsatt har nasjonalparkane med urørt natur :)