Daurmål (10.05.2025)
Skrevet av Ingebjørgpåtur
Bestigninger | Daurmål (1448moh) | 10.05.2025 14:10 |
---|
Nydeleg tur frå Årdalstøylen til Daurmål.
Vi såg an om det var trygt å gå heilt til topps mtp snø og skavlar. Snøen var akkurat passe laus/hard. Og vi heldt oss på motsett side av skavlane. Vi tok ei bue rundt myrområdet sør for støylen, men det var litt mykje kratt/småskog å gå i der. På veg tilbake gjekk vi tvers over myrområdet. Såg ovanfrå at det var spor etter at eller liknande inn til ei lita demning midt i myrområdet. Gjekk i hjulspora siste stykket tilbake. Elles sa ruta seg mykje sjølv. Fantastisk tur og utsikt!
Kommentarer