Vallresknuten og Stølsknuten (13.08.2024)

Skrevet av kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Startsted Fv 450 vest for Motland (237moh)
Sluttsted Fv 450 vest for Motland (257moh)
Turtype Fottur
Turlengde 8t 25min
Distanse 12,8km
Høydemeter 1186m
GPS
Bestigninger Dypingsknuten (750moh) 13.08.2024
Rauafjellet (582moh) 13.08.2024
Snorreknuten (560moh) 13.08.2024
Stølsknuten (656moh) 13.08.2024
Vallresknuten (884moh) 13.08.2024
Andre besøkte PBE'er Motland parkering (261moh) 13.08.2024
Vallresbu (797moh) 13.08.2024

Parkerte på anvist p-plass på nordsida av Hunnedalsveien mellom Byrkjedal og Motland. Gjekk på blåmerka godt synlig sti bratt opp langs Aleksanderjuvet. Imponerande at nokon har funne på å lage sti opp den tilsynelatande utilgjengelige fjellsida. Var en del blåbær og faktisk litt villbringebær langs stien oppover. Det er nok ein sti som har vore frå gammalt av, men så har Foreningen for Stølsliv og friluftsliv i indre Gjesdal lagt ned betydelig dugnadsinnsats med merking av stier og bygging av nye stølshytter som Vallresbu.
Etter ein pause på Vallresknuten gjekk eg stort sett uten sti vidare til Dypingsknuten, Rauafjellet og Snorreknuten. Så gjennom nokså tett bjørkeskog ned til Hunnedalsvegen, og til slutt drøyt 2 km langs vegen tilbake til utgangspunktet.

Første del av stien opp frå Hunnedalsvegen.
Første del av stien opp frå Hunnedalsvegen.
Frå Aleksanderjuvet er det flott utsikt oppover Øvstabødalen.
Frå Aleksanderjuvet er det flott utsikt oppover Øvstabødalen.
Etter ca 500 hm bratt oppstigning flater det ut.
Etter ca 500 hm bratt oppstigning flater det ut.
Stiskille før ein kjem til Vallresbu. Fjella på sørsida av Øvstabødalen i bakgrunnen.
Stiskille før ein kjem til Vallresbu. Fjella på sørsida av Øvstabødalen i bakgrunnen.
Vallresbu som har fått ny farge i sommer.
Vallresbu som har fått ny farge i sommer.
Fin hytte i eit flott turområde.
Fin hytte i eit flott turområde.
Varde og trimpost på Vallresknuten. Fidjaknutane 1118 bak t.v.
Varde og trimpost på Vallresknuten. Fidjaknutane 1118 bak t.v.
Søraustover mot bl.a Myrfjell 985 og Storbakknuten 918 i bakgrunnen.
Søraustover mot bl.a Myrfjell 985 og Storbakknuten 918 i bakgrunnen.
På Dypingsknuten med Vallresknuten i bakgrunnen.
På Dypingsknuten med Vallresknuten i bakgrunnen.
På Stølsknuten mot Dypingsknuten med litt av Vallresknuten bakerst t.v.
På Stølsknuten mot Dypingsknuten med litt av Vallresknuten bakerst t.v.
Sørover mot Maudalsbrekka.
Sørover mot Maudalsbrekka.
VNV mot Gilja og Bynuten 671, Serifjellet 598 og Selvigstakken 597 i lengst bak.
VNV mot Gilja og Bynuten 671, Serifjellet 598 og Selvigstakken 597 i lengst bak.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.