Vang, Storegut m. fl. (31.07.2024)

Skrevet av Esone (Einar Moen) GSM

Turtype Fjelltur
Turlengde 8t 15min
Distanse 26,4km
Høydemeter 1678m
GPS
Bestigninger Høgbrøtet (1627moh) 31.07.2024 11:38
Høgbrøthøgde (1821moh) 31.07.2024 12:49
Storegut (1965moh) 31.07.2024 15:05

Fin tur med Ove på sank etter Vang-toppar. Tre i boks, som låg høgt og vide, så turen kjennest i kroppen. Vakkert er det når ein kjem litt opp i høgda. På ein slik lang tur opplever ein eufori av landskap og utsikt, men også møte med mindre koselege flankar med lausmasse. Følgde sti mot Olavsbu opp til bru. Mest utanfor sti og visuell navigasjon derifrå til dei tre toppane. Siste bratte del opp flanken mot Storegut, var svært laus. Ser at nokre har gått siste del litt lenger aust, og runda mot toppen frå sør, som kan vere like greitt. Vi kom greitt opp og ned i alle fall. Drug transport-etappe på mykje steinete sti tilbake til Eidsbugarden.

Høgbrøtet nådd, og Høgdebrøthøgde er neste store topp framom.
Høgbrøtet nådd, og Høgdebrøthøgde er neste store topp framom.
På Høgdebrøthøgde, og vi ser til Storegut.
På Høgdebrøthøgde, og vi ser til Storegut.
Frå Høgdebrøthøgde. Vi ser flotte Mjølkedalsbrea.
Frå Høgdebrøthøgde. Vi ser flotte Mjølkedalsbrea.
Storegut er bestegen.
Storegut er bestegen.
Mot Høgdebrøthøgde. Øvre Mølkedalstjørn 1466.
Mot Høgdebrøthøgde. Øvre Mølkedalstjørn 1466.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.