Klassisk runde på Hareidlandet

Skrevet av kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Kart
Bestigninger Breidfjellet (535moh) ukjent
Mosvarden (552moh) ukjent
Sarshornet (543moh) ukjent
Storebroren (620moh) ukjent

Dette er ei fin runde på viddene på Hareidlandet, med vide runde fjell og utsikt over både sunmørsalpane, øyane på ytre søre sunnmøre, og Nordsjøen i vest. Enklaste anmarsj er å gå opp Ulsteindalen (grusveg) til Lisjevatnet, og herifrå følge skilting mot Breidfjellet eller Mosvarden. Det er hipp som happ kva veg ein går, og ein endar opp tilbake på Lisjevatnet frå begge vegar.

Om ein vil forlenge ruta kan ein gå nordover mot Sneldelida og Skolma (avstikkar mellom Brørne og Mosvarden). Skolma byr på flott utsikt nordover, og er høgste punkt på nordsida av Hareidseidet.

Ei anna forlenging kan vere å gå ned på Roppehornet etter Breidfjellet. Roppehornet stuper rett ned i Fjæresteinane. Ein kan også gå frå Mosvarden til Ulsteinvik, eller frå Mosvarden til Skafjellet på Bigset. Avstikkarane gjer at ein må planlegge transport for returen.

Alle rutene er også fine på ski.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.