Sogndal: Steindalseggi, Steindalsnipa og Nyastølseggi (23.03.2013)

Skrevet av boven (Ove Lotsberg) GSM

Startsted Berge (200moh)
Sluttsted Berge (200moh)
Turtype Randonnée/Telemark
Turlengde 7t 05min
Distanse 21,0km
Høydemeter 1750m
Kart
Bestigninger Nyastølseggi (1508moh) 23.03.2013
Steindalseggi (1510moh) 23.03.2013
Steindalsnipa (1585moh) 23.03.2013

Vi kjøyrde til Berge sør for Fjærland og parkerte på den store parkeringsplassen mellom tunnellane. Dette er same utgangspuktet som helga før då vi enda på Middagshaugen. Gjekk no forbi Fjellstølen og mot Storebotn. På ca 850 m tok vi bratt rett nord mot Nyastølseggi. Det gjekk forsåvidt bra men bratt og hardt gjorde det vanskeleg. Måtte av med skia siste meterane opp på kanten. Vidare til Steindalseggi 1510. Herifrå ned gode 100 høgdemeter før stigninga til Steindalsnipa/Steindalsbreen 1585. Elendig skiføre, isete, sastrugi og gjennomslag. Kan det bli verre? Tilbake på Steindalseggi var vi spente på forholda ned til Storebotn. Det vart dessverre ein skuffelse. Mykje gjennomslag og eit tynnt skarelag øydela den opplevinga. Likavel fin tur i eit veldig flott område. Med på turen var Torleiv (Kroksleiven), Lise, Kjetil (Mbakkjen) og Sylvi.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.