Frå Liarvatnet til Longavatnet med solnedgang på Vardhusheia (28.05.2023)
Skrevet av Kaare_70
Bestigninger | Vardhusheia (761moh) | 28.05.2023 |
---|---|---|
Andre besøkte PBE'er | Langavatnet demning (450moh) | 28.05.2023 |
Maitur i Jørpelandsheia – endåtil med teltovernatting – heng svært høgt, og dette vart eit bra plaster på såret då årets pinsetur i Jotunheimen bles og snøa vekk. Planen var å gå inn til Longavatnet frå parkeringa ved Liarvatnet og så tråkla seg heilt heim til Førland derifrå etter ei overnatting.
Kveldsturen inn gjekk oppskriftsmessig på 2 timar til stemmen i Longavatnet via Grimsli. Då hadde eg gleda av å høyra to lomar skrika og kakla i Liarvatnet, men eg hadde ikkje kikkert så eg kunna vita sikkert om det var stor- eller smålom. Men både fordi han er vanleg i denne heia og fordi eg har sjekka lyden i ettertid, er det ganske sikkert at det var smålom. Ei flott oppleving av ein retteleg sky fugl!
Sidan snøsmeltinga stort sett er ferdig for i år, var det som venta relativt låg vannstand i Vardhustjødnane. Eg fann derfor ein fin teltplass i den breie strandsona like innanfor stemmen. Etter å ha sett opp teltet og fått i meg eit par brødskiver i 21-tida, skunda eg meg oppover mot Brogaheia for å få med meg fine Vardhusheia denne flotte vårkvelden. ¾ time brukte eg til topps via utsiktsvarden og fekk nokre flotte bilder i solnedgangen. Så etter ½ time retur var det akkurat passeleg skumring til å ta kvelden.
Og natta vart akkompagnert av nye lomeskrik, orrespel, koko frå gauken og song frå ringtrosten. Ved stemmen hadde eg óg høyrt ein sivspurv synga då eg kom, så dette vart ein retteleg fin dag fuglemessig. Om lag 12 km, drygt 500 hm stigning og 3 ¾ timar på tur vart fasiten.
Kommentarer