Såta nr.2 i Hemsedal (18.05.2023)

Skrevet av Esone (Einar Moen) GSM

Turtype Randonnée/Telemark
Turlengde 3t 22min
Distanse 14,5km
Høydemeter 860m
GPS
Bestigninger Såta (1622moh) 18.05.2023 15:48

Hemsedal har ikkje mindre enn tre toppar med namnet Såta. Eg kallar denne nr. 2, sidan den er den mellomste i høgd over havet. Skulle egentleg slappe av i dag, men litt over kl. 12 kom det akutt ei lyst på skitur. Hadde ein par ruter klar i hovudet, og Hemsedal er snørikt i år. Eg var litt spent på om det vart for varmt for skitur i dag. Det gikk greitt, viste det seg. Hadde vurdert litt for og i mot i val av utstyr. Rando eller fjellski. Valde rando sidan eg såg for meg fin køyring ned frå toppen. Ved fare for gjennomslag, så flyt dei også betre. Det vart ein fin skitur. Tok ikkje av fellene ned frå Systerskardet. Angra på det, sidan det var lenger ned enn kva det såg ut for. Litt dette med tida med feller av/feller på. Men ein skal da ha det moro og, så feilvalg det. Eit godt stykke med jamn stigning inn til fjellfoten. Det gikk raskare frå fjellfoten opp til topps, enn forventa. Hadde tenkt litt på Grytingen også, men vurderte det for langt ut frå korleis føret var, og at eg kom seint i gang i dag. Nedatt frå toppen var det fin køyring på mjukt underlag. Ikkje særleg sug før nede ved 1300 moh. Måtte stake litt strekket ned til elva mellom vatna. Så bar det oppatt Systerskardet, før siglinga ned i skogen til sist. Fin tur.

Såta sett frå toppen av Systerskardet.
Såta sett frå toppen av Systerskardet.
Hammarskardtoppen, skaret, og Totten ut mot høgre.
Hammarskardtoppen, skaret, og Totten ut mot høgre.
Versjøen med overvatn.
Versjøen med overvatn.
Frå toppen. Sørover mot Ål og Hol.
Frå toppen. Sørover mot Ål og Hol.
Mot høge fjell over Hemsedal. Skogshorn til høgre.
Mot høge fjell over Hemsedal. Skogshorn til høgre.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.