Urkedalstinden: kremtoppalarm! (15.04.2023)

Skrevet av kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Startsted Urke (158moh)
Distanse 11,6km
Høydemeter 1456m
GPS
Bestigninger Urkedalstinden (1537moh) 15.04.2023 16:13
Andre besøkte PBE'er Urkedalen parkering (109moh) 15.04.2023 16:13
Urkedalstindane fra Haukåssætra (1300moh) 15.04.2023 16:13
Urkedalstinden - ein kremtopp i Sunnmørsalpane!
Urkedalstinden - ein kremtopp i Sunnmørsalpane!

Denne helga vart eg brått invitert på hyttetur saman med ein heil gjeng til Øye for topptur. Det var pansermeldingar, og helga var brått good to go, så her var det berre å slå til.

Verten var Henrik Koi, som eg nett hadde vorte kjend med gjennom stiftinga av Stad MDG, så dette var jo ei glimrande anledning til å styrke partisamhaldet.

Då eg dukka opp fredag kveld hadde gjengen allereie vore på Slogen, og var særs nøgde. Etter grillmat og god stemning byrja diskusjonane om morgendagens tur. Då Urkedalstinden kom opp vart eg særs interessert. Denne gromtoppen har stått på lista mi lenge. Å endelig få gått ein av desse kremtoppane på vinterføre var særs attråverdig.

Neste morgen var heile følget på 12 medium raskt ut av startblokka. Sola steikte på dei store snøflankane. Det største problemområdet på turen var opp Grøtdalen, men her kom vi oss raskt over bekken og jobba oss opp flanken der sommarstien gjekk. Oppe på flata vart det lunch, før laget delte seg. Nokon gjekk til Grøtdalstinden medan resten gjekk mot Urkedalstinden.

Lønsj i sola
Lønsj i sola

Det var svett stemning opp flanken, før det var av med ski og på med stegjern 150 m før toppen. Snøen var mjuk og fin så stegjern var kanskje ikkje nødvendig, men det var jo litt utsatt då.

Av med ski på med stegjern
Av med ski på med stegjern
Bratt på slutten
Bratt på slutten
Albert på toppen
Albert på toppen
Siste stykket
Siste stykket
Ganske OK nabolag
Ganske OK nabolag

Toppen var passe intim og hadde smæshing utsikt! Ein skikkelig gromtopp dette! Heilt vindstille og VARMT!

Deretter forsiktig tilbake til skia og flott og bratt køyring tilbake ned flanken.

Eg hadde lyst på Grøtdalstinden også, men det var greit å ha samla flokk ned flanken til Grøtdalen. Det hadde no stått i sola heile dagen og var ganske blaut.

Det var litt tricky ned her med ei stor gruppe. Det var fort gjort å løyse ut slusj, og kommunikasjonen opp og ned i laget var vanskelig. Alle kom seg ned, og etter mi meining var det trygt ettersom det aldri var store mengder slush i sving. Men ei lita evaluering var på sin plass.
Kanskje var dette ein litt lang tur for ei så stor gruppe.

Anyway, uansett ein knalltur! Dagen etter gjorde vi det litt enklare, men framleis ein kremtopp :-D

Takk for turen!

Starttidspunkt 15.04.2023 09:20
(UTC+01:00 ST)
Sluttidspunkt 15.04.2023 15:46
(UTC+01:00 ST)
Totaltid 6t 26min
Bevegelsestid 3t 56min
Pausetid 2t 30min
Snittfart totalt 1,8km/t
Snittfart bevegelsestid 2,9km/t
Distanse 11,6km
Høydemeter 1455m

Kommentarer

  • -
    avatar

    Størrelse på gruppe

    Skrevet av oddis 17.04.2023 12:19

    Bra at du trekker fram det med størrelsen på gruppa. Både det å ikke kjenne hverandre godt, pluss mange på tur gjør jo at man får trent kommunikasjonsmuskelen. For min del tror jeg det bare er sundt. Enkelte er hardcore på at man bare skal være to eller tre og kommunikasjonen skal fungere gjennom telepati opparbeidet over mange år. Jeg tror vi har godt av å utfordre oss sjøl også på den fronten.

    • -
      avatar

      Sv: Størrelse på gruppe

      Skrevet av kobbenes 19.04.2023 12:13

      ja det er sikkert sunt for oss asosiale vestlendingar å sosialisere litt :-D ikkje minst er det særs lærerikt å sjå korleis andre gjer situasjonsvurderingar.

  • -
    avatar

    skikkelig gromtur!

    Skrevet av ligroenb 15.04.2023 22:42

    For en herlig og flott topp dette er , for en knalltur for guttegjengen i funkishytta!!!

    • -
      avatar

      Sv: skikkelig gromtur!

      Skrevet av kobbenes 19.04.2023 12:14

      denne toppen kjem HØGT oppe på sunnmørslista mi!

  • -
    avatar

    Gutta gutta

    Skrevet av uglefisk 15.04.2023 22:02

    på tuuuur!!

    • -
      avatar

      Sv: Gutta gutta

      Skrevet av kobbenes 19.04.2023 12:14

      haha, ser du raskt har blitt ein slags guru i toppturmiljøet i Nordfjord :-D så mykje du var omtalt var det nesten som du var der

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Gutta gutta

        Skrevet av uglefisk 19.04.2023 19:58
Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.